Avspark – oppsummering av kvelden

Avsparket for nye Førde sentrum lokka ca 160 samfunnsengasjerte innbyggarar til Larris scene 7. mai 2024. God stemning denne kvelden. Vi treng slike arenaer som samlar engasjement i Førde. 

Med Anne Mette Hjelle som programvert vart vi losa gjennom informasjon om planprosessen, døme frå Voss og tankar om samarbeid frå Oslo Met. 

Sjå video-opptak frå 

Anne Mette Hjelle - Klikk for stort bilete

Sofaprat  –  kva er god sentrumsutvikling?

Publikum - Klikk for stort bilete

Vi hadde fem dedikerte gjester invitert til sofaprat for å dele tankar om kva som skal til for å oppnå ei god byutvikling. 

  • Sanne Slåtten,  Sunnfjord U40 – sentrum for unge
  • Runa Gjerland, Norconsult – natur i by
  • Rasmus Mo, sogning, mentor og motivator – korleis sentrum påverkar omdømmet
  • Hilde Iren Rivedal, Sunnfjord kommune  – sosial berekraft i by
  • Jonny Tjønn – næringsperspektivet

Innspel frå deltakarane

Dei frammøtte deltakarane fekk svare på fem spørsmål gjennom ei  digital undersøking:

  • Bruk enkeltord for å beskrive Førde sentrum i dag
  • Kva er Førde sentrum sine svakheiter i dag?
  • Kva er Førde sentrum sine styrker i dag?
  • Kva mogelegheiter ser du for deg for Førde sentrum?
  • Kva utfordringar meiner du Førde sentrum har?

Sjå svara på spørsmåla om Førde sentrum

Jenny Følling og Rasmus Mo - Klikk for stort bilete

Svara på spørsmåla gir grunnlag å bygge på for sentrumsplanen. Dette er starten på ein rapport om styrkar, svakheiter, moglegheiter og utfordringar.

Publikum sine assosiasjonar til Førde sentrum i dag

Ordsky frå Menti som viser kva publikum tenker om Førde sentrum - Klikk for stort bilete

Fekk du ikkje høve til å delta?  – Du kan sende innspel likevel

To pesonar i salen - Klikk for stort bilete

 

Dersom du ikkje hadde høve til å vere med på Avsparket, kan du fylle inn i vedlagt skjema dersom du ønsker å formidle dine synspunkt.

Del synspunkt om Førde sentrum

 

Planen vidare

Sunnfjord kommune ønskjer å halde oppe engasjementet. Det bli arrangert fleire verkstader. Nokre aktuelle tema som vi har på blokka:

  • Framtidsvisjon
  • Byveven
  • «Jakta på stjernene»
  • Kva skjer med Firda Billag-tomta?
  • Aldersvenleg sentrumsutvikling Identitet og attraktivitet.


Kommunen kjem til å dele inn i tema-møte og invitere deltakarane direkte. Alt kjem til å bli formidla på heimesida.

Stemning i salen - Klikk for stort bilete
Stemning i salen - Klikk for stort bilete
Stemning i salen - Klikk for stort bilete
Stemning i salen - Klikk for stort bilete

Fotograf: Steffen Ben Jonstad, Sunnfjord kommune


 

Kontakt

Profilbilde av Julie Daling
Julie Daling
Sakshandsamar planavdeling - byplanleggar
E-post
Telefon 57 61 27 21

Jobbar med overordna arealplanlegging, med fokus på by- og tettstadutvikling