Avklaring mellom reguleringsplanar i Storehagen

I møte 3. oktober 2025 behandla formannskapet sak  Avklaring mellom reguleringsplanar i Storehagen.  Les meir om saka og sjå vedtak.  

Kort om saka

  • Storehagen-området i Førde står framfor ei omfattande utvikling
    Både Sunnfjord kommune og Vestland fylkeskommune (VLFK) har pågåande planprosessar.

    Kommunen har starta arbeid med ein områdereguleringsplan for Førde sentrum.  VLFK har ansvaret for detaljreguleringsplan for fv. 601 Storehagen også kjent som Tiltak 9 i Førdepakken. Dette inkluderer nytt kollektivknutepunkt.

    Mogelegheitsstudie og områdeplan
    Sunnfjord kommune planlegg ei moglegheitsstudie for området Storehagen–Elvetorget frå hausten 2025 til våren 2026. Målet er å få eit godt grunnlag for vidare utvikling av sentrum, med fokus på heilskapleg byutvikling og samspel mellom ulike funksjonar. Studien skal byggje vidare på innsikta frå Vestland fylkeskommune si moglegheitsstudie for kollektivknutepunktet og samkøyre med sentrumsplanen og reguleringsplanen for Tiltak 9.

    Kollektivknutepunkt i Storehagen
    Fylkeskommunen ønsker at kommunen tilpassar sentrumsplanen til den pågåande reguleringsplanen for Tiltak 9 og kollektivknutepunktet, slik at reguleringsplanen ikkje vert utsett i tid.  Finansiering av store deler av tiltaket er i Førdepakken. Statens vegvesen har lagt inn statleg delfinansiering av nytt kollektivknutepunkt i Førde i sin gjennomføringsplan for 2025–2030.

    For VLFK er det viktig å fokusere på hovudmåla med reguleringsplanen, som er utvikling av infrastruktur og i mindre grad spørsmål knytt til å transformasjon og byutvikling, som vil vere kommunen sitt ansvar.

    Vidare prosess og regulering
    Reguleringsplanen for Tiltak 9 skal forme løysingane med kollektivknutepunktet. Kommunen har utarbeidd konkurransegrunnlag for å starte prosessen med sin eigen områdeplan.

    Sjå viktige dokument i saka

    Presentasjon frå fylkeskommunen i formannskapet 18. september 2025

    Sjå heile saka Avklaring mellom reguleringsplanar i Storehagen

 

Kommunedirektøren sitt forslag  

  • Sunnfjord kommune gjennomfører ein moglegheitsstudie for Storehagen og Elvetorget i perioden hausten 2025 – våren 2026. Studien skal ta omsyn til Vestland fylkeskommune si moglegheitsstudie og sjå på korleis kollektivknutepunktet kan bidra til heilskapleg byutvikling og attraktive omgjevnader i Førde sentrum, utan å forseinke reguleringsplanen for Tiltak 9. VLFK vert invitert til å delta i utarbeiding av konkurransegrunnlag og gjennomføring av studien.

 

Behandling og vedtak

  • Formannskapet fremja eit felles framlegg til vedtak i møtet som vart einstemmig vedteke:

    Sunnfjord kommune gjennomfører ein moglegheitsstudie for Storehagen og Elvetorget i perioden hausten 2025 – våren 2026. Studien skal ta omsyn til Vestland fylkeskommune si moglegheitsstudie for kollektivknutepunkt ved Firda Billag. Det er også viktig å få til ei heilskapleg byutvikling i Førde sentrum, utan å forseinke reguleringsplanen for Tiltak 9. Grensesnittet mellom områdereguleringsplan og detaljreguleringsplanane for tiltak 9 og ny bussterminal må fastsetjast snarast.

    VLFK vert invitert til å delta i gjennomføring av mogelegheitsstudien.

 

Sjå behandling formannskapet 3. oktober

Sunnfjord KommuneTV

Kontakt

Profilbilde av Trond Ueland
Trond Ueland
Konstituert kommunalsjef for teknisk og miljø
Telefon 57 61 27 05
Mobil 91 33 74 10