Fossilfri luftfart – el-fly rute mellom Førde og Bergen

Elektrisk luftfart er ein framtidsretta satsing innan luftfart. Med lågare støynivå, lågare klimafotavtrykk og lågare driftskostnadar, kan dette vere ein av løysingane for fossilfri luftfart . 

I Noreg er vi avhengige av luftfart og vi må søke fossilfrie alternativ. For å sikre eit framleis godt transporttilbod, er det i vår eigeninteresse at vi er med å utvikle nullutsleppsfly som kan trafikkere kortbanenettet og er tilpassa dei norske vêrtilhøva.

Sunnfjord utvikling, Sunnfjord kommune og Vestland fylkeskommune arbeider saman for å innføre ei elektrisk flyrute mellom Førde og Bergen. Strekninga Førde-Bergen er eit godt utviklingsprosjekt både når det gjeld distanse, tilrettelagt infrastruktur og tilgang på energi. Situasjonen med at den såkalla FOT-ruta (forpliktingar til offentlege tenesteytingar) mellom Førde og Bergen i dag er borte, gjer det òg meir naturleg å sjå på ei pilotrute for el-fly mellom Førde og Bergen. 

Regionbyen Førde har elles eit nedslagsfelt på nærmare 50 000 innbyggarar og er vertskommune for fleire statlege direktorat, Høgskulen på Vestlandet (HVL), Fagskulen på Vestlandet, Helse Førde, Vestland fylkeskommune, bank og forsikring. Førde har elles ei stor kultur- og medieklynge.

Les meir om El-fly piloten Førde-Bergen  (PDF, 1001 kB)


 

Kontakt

Profilbilde av Trond Ueland
Trond Ueland
Einingsleiar Næring og samfunnsutvikling
E-post
Telefon 57 61 27 05
Mobil 91 33 74 10