Viksdalen nærmiljøråd

Viksdalen nærmiljøråd er ein del av Sunnfjord kommune si satsing på å løfte fram gode utviklingstiltak i dei ulike tettstadane i kommunen og skape engasjement rundt stadutvikling og skape attraktive bumiljø.

Aktivitet i Viksdalen nærmiljøråd

Nærmiljørådet i Viksdalen arbeider aktivt for positiv aktivitet og engasjement i bygda, vi er også teken opp i LivOGLyst-prosjektet som skal skape entusiasme i lokalsamfunnet. VNR arbeider med utvikling av Viksdalen som bygd, nærsenter og destinasjon. Dette inneber å oppretthalde dei nære tenestene og å bistå private, lag/organisasjonar og bedrifter med etablering, busetting med meir.
 
Nærmiljørådet har arrangert mini-julemarknad, «Jul i Vikja». Ei eiga gruppe har starta planar for opprusting av sentrumsmiljø. Nærmiljørådet ønsker at det skal vere mogeleg med tilrettelagde bustader nær viktige tenester og møteplassar for eldre. Nærmiljørådet skal vere ein aktiv pådrivar for alt positivt som skjer i bygda og ønsker størst mogeleg tilførsel av tilflyttarar og  besøkande. 

Leiar i Viksdalen nærmiljøråd

Bakgrunn for nærmiljørådet

Nærmiljøråda vart etablert som ein del av Sunnfjord kommune etter at Sunnfjord utvikling gjennomførte eit eige tettstadsutviklingsprosjekt der tettstadane i dei gamle kommunane deltok. Som del av dette prosjektet vart det utarbeidd ein eigen rapport om tettstadutvikling i Sande.

Målet med tettstadutviklingsprosjektet var å kome med forslag til tiltak som kan bidra til ein attraktiv bu- og arbeidsregion. Gjennom prosjektet vart det etablert arbeidsgrupper som representerte tettstadene i den nye kommunen. Då den nye kommunen vart etabler i 2020,  vart disse disse gruppene videreført i form av nærmiljøråd. Opphaveleg vart det etablert råd i fem tettstadar: Bygstad, Sande, Naustdal, Skei og Vassenden. Seinare har Viksdalen fått eige nærmiljøråd. 

Aktuelle lenker