Temakveld – autisme og skulefråvær

Velkomne til ny temakveld på Sunnfjord Rådhus. Denne gongen tek skulefråværsprosjektet føre seg autisme. Vi er så heldige å få med oss spisskompetanse frå PPT. 

  • Stad og tid

    • rådhuset torsdag 27. februar 2025 
    • klokka 18–20 (inkludert pause)
  • Barn - Klikk for stort bilete

Vi tek føre oss: 

Kva er eigentleg autisme? Kva betyr det fagleg og sosialt i skulen i dag?
Korleis kan vi legge til rette for autistar i skulen slik at dei vert møtt på sine føresetnader og får utnytta sine evner? Korleis kan vi trygge og bygge relasjonar som kan førebygge skulefråvær for denne elevgruppa? 
Er det slik at alle har nytte av same type tiltak, eller treng vi ei litt større verktykasse? Kva kan det isåfall vere nyttig å ha oppi den?

Nyfiken? Velkommen!

Kontakt

Cecilie Eikefjord Udberg-Helle
Prosjektleiar skulefråvær
E-post
Telefon 57 72 60 56