Skuletilsette får tips og råd kring autismeI Sunnfjord kommune er vi så heldige å ha eit PPT med god kompetanse på autisme og tilrettelegging. I desse dagar er det kursing på alle skular i kommunen på kva som kan vere vanskeleg for desse elevane, og korleis vi kan møte dei.Ein del med stort støttebehov har og behov for hjelp til kommunikasjon. Då er det viktig at vi som jobbar i skulen veit kva dei treng, og kan få konkrete tips og råd for ei god praktisk tilnærming. Kjenner elevane seg sett, høyrt og forstått er det og mindre sjanse for at dei trekker seg tilbake og ikkje greier vere på skulen. Om du har lyst til å lese meir finn du mykje god informasjon på sidene til Statped: https://www.statped.no/autisme/Sogn og Fjordane autismeforening arrangerar og eit kurs 28.10. Dette er på sjukehuset, og du finn informasjon på Friskus. Når vi nærmar oss jul vert det og ein eigen temakveld på rådhuset ilag med PPT. Den er open for alle interesserte, så det er berre å følgje med på Friskus, Insta og her. Sunnfjord kommune Sunnfjord kommune Sist endra 27.01.2025 11.12