Forskningsdagane ved Universitetet i Sørøst-Norge

Prosjektet har vore på vift – denne gongen har vi delteke på Forskningsdagane ved Universitetet i Sørøst-Norge. 
Det er USN, som saman med Telemarksforskning driv følgeforskinga på fråværsprosjektet.

Det er sjølvsagt stas å få løfte frem Sunnfjord Kommune sitt fråværsprosjekt på eit slikt arrangement, ilag med mange flinke forskarar og familiar som står i problematikken. 
Det vart mykje å ta med seg heimatt av refleksjonar, og då spesielt knytt til dette med eleven si stemme. For kor gode er vi på å lytte til den?
Og er vi medvitne på skilnaden mellom medvirkning og medbestemming? Kor skal grensa gå? Kven skal definere den? Greier vi å lytte når dei som står i dei fortel om sine kvardagar og opplevingar?

Sjølv om dagen inneholdt nokre vonde historier, så var den og full av håp. Det skjer noko, både lærarar, forskarar, tilsette i hjelpetenestane og andre ser at her lyt vi dra lasset ilag for å få til ein skule der alle elevar har ein plass og alle elevar får oppleve reell meistring.