Vedtak skule 27. mars 2025

Her kan du lese kva som blei presentert og vedteke i kommunestyret 27. mars 2025 for saka Kvalitet og kapasitet i Sunnfjordskulen.

Dette blei behandla i møte

Sunnfjord kommune står overfor store demografiske, økonomiske og pedagogiske utfordringar som gjer det naudsynt å utvikle ein heilskapleg og framtidsretta skulestruktur. 

Det er vedteke eit innsparingskrav til skule på over 70 mill. kroner i 2029. For å innfri kravet vil det vere behov for omfattande tiltak som vil påverke barne, foreldre og lokalsamfunn.

Kommunestyret avgjorde kva tiltak som skal bli gjennomført.

Ungdom illustrert av Gregory Idehen - Klikk for stort bilete

 

Vedtak knytt til endring i skulestrukturen

  • Følgjande endringar i skulestrukturen blir gjennomført i Sunnfjord kommune:

    1. Vassenden skule vert samla i eitt skulebygg, frå hausten 2026.
    2. Ungdomstrinnet ved Halbrend skule blir slått saman med Førde ungdomsskule, til ein felles ungdomsskule på Hafstad. Det skal lagast ein plan for overgangen til ny felles ungdomsskule, der representantar frå dei to skulane skal vere med i utarbeidinga. Planen skal leggast fram for politisk behandling i god tid før handsaming av årsbudsjett for 2026.
    3. Førde barneskule blir flytta til FUSK-bygget når bygget er klargjort for barneskule
    4. Elevane ved Flatene skule blir flytta til Halbrend skule, som blir ein skule med elevar frå 1.-7. trinn, når bygget er klargjort for barneskule.
    5. Ungdomstrinnet ved Viksdalen skule blir flytta til Sande skule frå skulestart 2029, med forutsetning av at Sande skule er ferdig ombygd. Dersom skulen får ei elevtalsutvikling som gjev grunnlag for ein berekraftig ungdomsskule, skal saka vurderast på nytt.
    6. Kommunestyret ber om å få ei utgreiing av oppveksttun på Viksdalen skule og Sunde skule.

 

Sjå behandling av saka i kommunestyret 

Det var nokre pausar i behandlina av saka, så det er tre opptak av behandlinga. Du kan finne alle klippa i denne sendinga. Du kan velge klipp ved å trykke på dei menylinja i videoen på ikonet med seks små firkantar.

Dette skjer vidare

 

Kommunedirektøren følger opp alle tiltaka som vart vedtekne. Det skal utarbeidast ein plan for kvart tiltak som skal ta i vare elevar, foreldre og tilsette. Prosjektering av tiltak som krev  investeringar. 

Kommunestyret skal vedta den samla kostnaden for kvart prosjekt før oppstart. Finansiering av tiltaka blir avgjort i desember i år som del av økonomiplanarbeidet 2026–2030 og årsbudsjettet for 2026.

Mann med briller illustrasjon - Klikk for stort bilete

Kontakt

Profilbilde av Terje Heggheim
Terje Heggheim
Kommunedirektør
E-post
Telefon 91 10 12 66
Profilbilde av Lise Mari Haugen
Lise Mari Haugen
Assisterande kommunedirektør
E-post
Telefon 57 61 27 04
Mobil 93 42 24 61