Vedtak barnehage 27. mars 2025

Her kan du lese kva som blei presentert og vedteke i kommunestyret 27. mars 2025 for saka Kvalitet og kapasitet i Sunnfjordbarnehagen.

Dette blei behandla i møte

Sunnfjord kommune står overfor store demografiske, økonomiske og pedagogiske utfordringar som gjer det naudsynt å utvikle ein heilskapleg og framtidsretta barnehagestruktur. 

Det er vedteke eit innsparingskrav til barnehage på over  62,8 mill. kroner i 2032. For å innfri kravet vil det vere behov for omfattande tiltak som vil påverke barn, foreldre og lokalsamfunn.

Kommunestyret avgjorde kva tiltak som skal bli gjennomført.

Illustrasjon – Dame og barn i vintertøy, som held rundt kvarandre - Klikk for stort bilete

 

Utdrag frå vedtak knytt til barnehagesaka

    • Kontinuerleg barnehageopptak blir avvikla frå barnehageåret 2025/2026
    • Holsen barnehage legg ned ei avdeling frå hausten 2025
    • Tusenfryd barnehage blir lagt ned frå hausten 2026
    • Solsida barnehage avdeling Haugum blir lagt ned frå hausten 2026
    • Ny barnehage på Slåtten blir lagt fram som eiga sak i 2027
    • Kommunestyret får ei ny sak seinast juni 2026, om framtidig endring av barnehagane i Flatene/Halbrend-området.

 

Sjå behandling av saka i kommunestyret 

Dette skjer vidare

Kommunedirektøren følger opp alle tiltaka som vart vedtekne. Det skal utarbeidast ein plan for kvart tiltak som skal ta i vare barna, foreldre og tilsette. 

Mann med briller illustrasjon - Klikk for stort bilete

Kontakt

Profilbilde av Terje Heggheim
Terje Heggheim
Kommunedirektør
Telefon 91 10 12 66
Profilbilde av Lise Mari Haugen
Lise Mari Haugen
Assisterande kommunedirektør
Telefon 57 61 27 04
Mobil 93 42 24 61