Organisering av kommunen

13. desember 2024 gav kommunestyret kommunedirektøren mandat til å starte arbeidet med å vurdere organiseringa av heile Sunnfjord kommune.

Mål for arbeidet 

  • ha ei framtidsretta organisering av Sunnfjord kommune
  • etablere ein organisasjon som er tilpassa færre i yreksaktiv alder og lågare driftskostnadar 
  • Redusere dei samla driftskostnadane med inntil 30 millionar 
     

  Delmål 1: Organisering av kommunen

  • Tiltak: Vurdere alternativ organisering av leiargruppa, stabar og einingar. 
    Frist: 1. juni 2025.

    Status april 2025

    • Arbeider no med å hente inn informasjon og kartlegging internt: snakkar med kommunedirektøren, kommunalsjefane, einingsleiarane, tillitsvalde og hovudverneombod om: 
      • Korleis kan vi organisere oss basert på den erfaringa vi har med noverande organisasjon? 
      • Korleis kan vi organisere leiargruppa? 
      • Korleis kan vi organisere stabane? 
      • Korleis kan vi organisere einingane? 
    • Innhentar informasjon om ulike organisasjons- og driftsformer frå andre kommunar. 

 

  Delmål 2: Redusere løn-, drift- og felleskostnadar

  • Tiltak: Gjennomgang av driftskostnadar (løn- og tenestekostnadar) på kommunenivå. 
    Frist: 1. april 2025.

    Status april 2025

    • Alle sektorane arbeider med eigne innsparingstiltak. Vi har vurdert felles godtgjeringar som gjeld tilsette i heile kommunen og vurderer innsparingspotensialet der. 

 

  Delmål 3: Lågare bemanning i administrative stillingar

  • Tiltak: Kartlegge innsparingar og konsekvensar av at tilsette sluttar i administrative/stabsstillingar, og ikkje blir erstatta i perioden 2025–2032. 
    Frist: 1. juni 2025.

    Status april 2025

    • Alle sektorane arbeider med eigne innsparingstiltak. Vi vurderer felles godtgjeringar som gjeld tilsette i heile kommunen og vurderer innsparingspotensialet der. 

 

  Delmål 4: Arbeidsfellesskap 

  • Tiltak: Vurdere om det er tenester som kan bli løyste utandor kommunen eller i fellesskap med andre kommunar. Frist: 1. juni 2025.

    Status april 2025

    • Ikkje starta opp.

Mandatet kommunestyret vedtok 13. desember 24

  • Legg opp til ein prosess med å sjå på kommunen si organisering med mål om å redusere dei samla driftskostnadane med inntil 30 mill. kroner.
  • Legg opp til ein prosess med å sjå på effektiv sakshandsaming, spesielt innan sjølvkostområdet, med mål om redusert avgifts- og gebyrnivå.
  • Arbeidet skal skje i samarbeid med dei tilsette sine organisasjonar og følgje avtaleverket sine reglar for slike tiltak.
  • Føremålet er å ta ned det kommunale driftsnivået slik at det blir balanse mellom inntekter og utgifter.
  • Arbeidet skal starte så snart som råd.
  • Arbeidet skal omfatte heile kommunen.
  • Kommunedirektøren får fullmakt til å engasjere ekstern bistand til arbeidet.
Mann med briller illustrasjon - Klikk for stort bilete

Kontakt

Profilbilde av Terje Heggheim
Terje Heggheim
Kommunedirektør
Telefon 91 10 12 66
Profilbilde av Jan Birger Moe
Jan Birger Moe
Einingsleiar
Telefon 57 61 27 06
Mobil 91 00 10 40