Organisering av kommunen

13. desember 2024 gav kommunestyret kommunedirektøren mandat til å starte arbeidet med å vurdere organiseringa av heile Sunnfjord kommune. Organisatoriske endringar kan berre gjerast ved årsskiftet. Dersom endring ikkje kan iverksetjast 1.januar 2027 så er neste alternativ 1.januar 2028.

Dette skjer no

Konstituert kommunedirektør informerte i formannskapsmøte 4. juni 2026 om forslag til administrativ organisering

Forslag til administrativ organisering (PDF, 570 kB)

Tidlegare har vi prioritert økonomisk omstilling før administrativ organisering, men vi ser no at det er nødvendig for fleire innsparingstiltak å avklare administrativ organisering tidlegare enn 1.januar 2028.

Utkast til administrativ organisering var tema på einingsleiarsamling 24. april 2026. Einingsleiarar og hovudtillitsvalde kom med innspel/tilbakemeldingar etter denne samlinga og fram til forslag til administrativ organisering vart gjort kjent i heile organisasjonen 19. mai.

Frist for tilsette, leiarar og tillitsvalde/verneombod til å kome med merknad er innan 10. juni 2026. Det er planlagt politisk sak til formannskapet 25. juni. Det er avtalt drøftingsmøte med HTV/HVO 26. juni. Konstituert kommunedirektør vil konkludere innan 1. juli på administrativ organisering og framdrift. 

 

Mål for arbeidet og ulike delmål

Mandatet kommunestyret vedtok 13. desember 24

  • Legg opp til ein prosess med å sjå på kommunen si organisering med mål om å redusere dei samla driftskostnadane med inntil 30 mill. kroner.
  • Legg opp til ein prosess med å sjå på effektiv sakshandsaming, spesielt innan sjølvkostområdet, med mål om redusert avgifts- og gebyrnivå.
  • Arbeidet skal skje i samarbeid med dei tilsette sine organisasjonar og følgje avtaleverket sine reglar for slike tiltak.
  • Føremålet er å ta ned det kommunale driftsnivået slik at det blir balanse mellom inntekter og utgifter.
  • Arbeidet skal starte så snart som råd.
  • Arbeidet skal omfatte heile kommunen.
  • Kommunedirektøren får fullmakt til å engasjere ekstern bistand til arbeidet.
Mann med briller illustrasjon - Klikk for stort bilete

Sjå kunnskapsgrunnlag frå PwC 

Kontakt

Profilbilde av Ellen Jensen
Ellen Jensen
Konstituert Personalsjef
E-post