Ambisjon med omstilling og innsparing

Her kan du lese kva som blei presentert og vedteke i kommunestyret 21. mars 2024.

Dette blei behandla i møte

Det er totalt behov for innsparing for å handtere:

  • meirforbruk
  • budsjetterte innsparingar
  • handlingsrom til nye tiltak  
  • auka netto driftsresultat. 


Desse innsparingstiltaka bør ha effekt snarast mogleg.

KS har utarbeidd ein demografimodell som anslår årlege endringar i kommunen sine utgiftsbehov per tenesteområde som følgje av befolkningsendringar.

Fram mot 2032 er forventingane som følger:

  • auka utgiftsbehov pleie- og omsorg  136 mill. kroner 
  • redusert utgiftsbehov grunnskule 61 mill. kroner 
  • redusert utgiftsbehov barnehage 23 mill. kroner

Statlege overføringar finansierer utgiftsbehov med 49 mill. kroner. Det vil seie at Sunnfjord kommune må gjere omstillingstiltak innan grunnskule, barnehage, sosial og barnevern for å møte auka utgiftsbehov innan pleie- og omsorg og helse. 

 

Sjå behandling av saka i kommunestyret 

Trykk på kamera-ikonet og vel projektor for å bytte mellom presentasjonar, salen og talarstolen.

 

Dette skjer vidare

Sunnfjord kommune planlegg ei samla innsparing på 121 mill. kroner og omstilling på 84 mill. kroner i perioden 2024–2032.

Administrasjonen arbeider vidare med tenesteanalysen for å gjere den meir konkret.

Innsparingstiltak som blir foreslått skal bli vurdert med tanke på:

  • forsvarleg og god drift i dei ulike tenesteområda.
  • overordna mål i samfunnsdelen av kommuneplanen
  • tidleg innsats og førebyggande 

Det blir innbyggarinvolvering og i tett dialog med tillitsvalde i det vidare arbeidet.

Mann med briller illustrasjon - Klikk for stort bilete

Kontakt

Profilbilde av Terje Heggheim
Terje Heggheim
Kommunedirektør
Telefon 91 10 12 66
Profilbilde av Lise Mari Haugen
Lise Mari Haugen
Assisterande kommunedirektør
Telefon 57 61 27 04
Mobil 93 42 24 61