Nytt omsorgssenter i Førde

Sunnfjord kommune skal bygge nytt omsorgssenter som skal stå klart i 2030. Omsorgssenteret skal vere i Førde og vi skal ha minst 70 plassar. Sunnfjord kommune har i dag ca. 400 personar med demenssjukdom – i 2040 vil dette talet vere 800. Vi skal derfor bygge eit demensvenleg omsorgssenter.  

Dette jobbar vi med no

  • Ser på løysingar for auka tal institusjonsplassar i perioden frå no og fram til 2030
  • Kartlegging av interessentar i samband med innhald i ny sjukeheim 2030
  • Orientere og hente inn innspel frå politiske råd
  • Orientere og hente inn innspel frå aktuelle einingar om:
    • kva må vi ta omsyn til når vi skal lande type institusjonsplassar kommunen har bruk for?
    • kva må vi ta omsyn til i fordelinga av plassane mellom dei ulike lokasjonane?
    • kva type plassar meiner de vi har mest bruk for i dag og i framtida?  
    • har vi pasientgrupper som per i dag ikkje får dekka sine behov?
    • korleis skal vi fordele desse plassane?
    • behov for samlokalisering av andre tenester?
  • Utarbeide behovsanalyse 
Mann med briller illustrasjon - Klikk for stort bilete

 

Kort om byggeprosjektet

Sunnfjord kommunestyre vedtok 22. september 2022 bustadsosial handlingsplan for perioden 2022–2030. Eitt av tiltaka i planen er at det vil bli bygd nytt omsorgssenter i Førde innan 2030. Omsorgssenteret skal ha minst 70 plassar og vere demensvenleg.  

I kommunestyremøte 26.09.24 vart det gjort følgjande vedtak: 
“ Tomta ved Førde barneskule vert valt som tomt for nytt omsorgssenter i Førde.”

Prosjektet er starta og er organisert i tre arbeidspakkar.
 

Aktuelt

Artikkelliste

Kontakt

Profilbilde av Liv Janne Bell Jonstad
Liv Janne Bell Jonstad
Einingsleiar Fagutvikling
Telefon 57 61 26 59
Mobil 90 98 00 67