Gjenbruksstasjon ved Sande skule opna

Det var godt frammøte då Sunnfjord kommune og Veidekke Entreprenør opna ein gjenbruksstasjon ved byggeplassen til nye Sande skule 26. august.

Gjenbruksstasjon i ein kontainer - Klikk for stort bilete

– Her skal materiale og andre ting som er til overs, gjevast bort før det eventuelt blir sendt til attvinning. Det er altså berre å kome og forsyne seg. Materiala blir gjevne bort mot henting, seier prosjektleiar Marika Peterson i Sunnfjord kommune.

– Gjenbruksstasjonen er eitt av fleire tiltak som skal auke ombruk og sirkulærøkonomi, framfor bruk og kast. Vi håpar at nærmiljøet skal få glede av overskotsmateriale, samstundes som vi reduserer mengda avfall i byggjeprosjekt, seier Veidekke sin prosjektleiar Espen Espenes.

Ved opninga inneheldt gjenbruksstasjonen mellom anna:

  • Treverk i ulike storleikar (ikkje impregnert)
  • Dører (Swedoor)
  • Stålbrakettar
  • Forskalingsplater
  • Utelamper
  • Baderomsplater
  • Laminatgolv
  • Fliser
  • Knotteplast
  • Isolasjon av typen isopor
     
Gjenbruksstasjon i ein kontainer - Klikk for stort bilete

No er det meste borte. Men følg med og ver rask, for nye ting blir lagde ut fortløpande.

Du kan i utgangspunktet ikkje reservere ting, så her gjeld det å vere førstemann til mølla.

Sjå etter containeren merka «Gjenbruksstasjon» neste gong du køyrer forbi Sande skule. Kanskje finn du noko der som kan passe til ditt prosjekt.

Kontakt

Marika Peterson
Prosjektleiar
Telefon 57 72 20 00