Aktivitetsdag ved byggeplassen på Sande skule1 og 2 juni har byggeplassen på Sande skule hatt besøk av 5 og 6 klasse i samband med eit lite felles ombruksprosjekt.Elevane har fått innblikk og opplæring av miljørådgivaren i korleis prosjektet arbeider med bærekraft. Etter ei gjennomgang på brakka var det på med fullt verneutstyr og få synfaring på deler av byggeplassen og få kikke inn i teltet for å finne ut av kva ombruksmaterialar som er lagra for vidare ombruk på Sande skule.Besøket ble avslutta med å prøve å reinske teglstein som skuleelevane skulle få bruke til sine ombruksprosjekt. Elevane ble delt inn i lag og fekk prøve å reinske murstein i fem minutt kvar. Samanlagt klarte elevane å reinske over 200 teglsteinar i løpet av ei time.Vi er glade over eit så kjekt besøk og imponert over den gode jobben elevane gjorde og gleder oss å sjå korleis elevane kommer å bruke mursteinane i sitt ombruksprosjekt. Bilder frå aktivitetsdagen Sist endra 10.06.2026 10.41