Innspel til ny organisering av kommunen

13. desember 2024 gav kommunestyret kommunedirektøren mandat til å starte arbeidet med å vurdere organiseringa av heile Sunnfjord kommune. 15. september gjekk høyringsfristen ut for framlegg til ny organisering. Arbeidsgruppa foreslår omfattande endringar i organisasjonen.  Det gjeld for kommuneleiinga, stabs- og støttefunksjonar så vel som einingar.

Høyringsinnspel

Det er i alt kome 100 innspel til framlegget om ny organisering.

Det er brukt kunstig intelligens (KI) til å samanfatte vedlegga som kom inn i høyringa til eit dokument. For innspel som er kome inn dobbelt er det eine tatt ut av grunnlaget. Det er gjort manuell kontroll av at resultatet er korrekt etter samanstillinga. 

Materialet er sortert manuelt i fire hovudkategoriar.

 

Dette skjer vidare

Kommunedirektøren med leiargruppe går gjennom rapporten og høyringsinnspela og kjem med ei tilråding.  Tilrådinga vil vere grunnlaget for drøftingar med dei tilsette sine organisasjonar.  Etter drøftingane tek kommunedirektøren si avgjerd om organisasjonsendringane.

 

Kontakt

Profilbilde av Ellen Jensen
Ellen Jensen
Konstituert Personalsjef
E-post