Temaplanar for barn og ungdomEin temaplan er ein administrativ plan om eit spesifikt tema eller fagområde. Temaplanen skal bygge vidare på mål og strategiar i kommuneplanen. Ein strategi viser retning og ønskt utvikling. Kvalitet og kapasitet i Sunnfjordskulen Planen skal gi ei retning i planarbeidet for dei neste 10-15 åra. Skulestrukturen må vere tilpassa utviklinginga i demografi og endringar i elevtalet.MålEin fagleg sterk skule med høg kvalitet, eit likeverdig fagleg tilbod og berekraftig økonomi.Sjå alle dokument knytt til kvalitet og kapasitet i Sunnfjordskulen Kvalitet og kapaistet i Sunnfjordbarnehagen Administrasjonen har fått i oppdrag frå kommunestyret og utarbeide eit kunnskapsgrunnlag for barnehagesektoren si drift i dag, og korleis den demografiske utviklinga utfordrar drifta. Arbeidet er organisert i eit prosjekt med tittelen kvalitet og kapasitet i Sunnfjordbarnehagen.Sjå alle dokument knyttt til kvalitet og kapasitet for Sunnfjordbarnehagen Førebyggande plan for barn og unge «Saman om EIN god oppvekst» er kommunen sin førebyggande plan for barn og unge. Den presenterer kommunen sine helsefremmande og førebyggande tiltak ovanfor gravide, barn og unge og deira familiar. Planen skal bidra til• å sette rammer for det helsefremmande og førebyggande arbeidet• å synleggjere eksisterande tilbod • å vere grunnlag for videre utvikling av det helsefremmande og førebyggande arbeidet i kommunen «Saman om EIN god oppvekst» Førebyggande plan for barn og unge (PDF, 2 MB)Har du spørsmål?Du kan kontakte Lillian Vassbotten eller Turid Bruland om det er noko du lurer på.Lillian VassbottenSend e-postTelefon: 57 61 27 50Turid BrulandSend e-postTelefon: 48 22 01 08 Handlingplan for ungdomsrådet perioden 2024-2027 Handlingsplanen viser viktige satsingsområde for ungdomsrådet og tiltak dei vil arbeide for.Ungdomsrådet sine satsingsområdegode møteplassar for ungdomeit godt transporttilbodein god skulekvardagkjekke fritidsaktivitetarstyrke ungdoms-medverknadSatsingsområda er ikkje i prioritert rekkefølgje. Dei er alle viktige. Innanfor kvart satsingsområde er det kontrekte mål vi vil arbeide for slik at ungdommar i Sunnfjord kommune skal ha ein god oppvekst. Les heile handlingsplanen til ungdomsrådet (PDF, 803 kB) Sist endra 30.01.2025 15.35