Digitalisering og ny teknologi er eit eige kapittel i stortingsmeldinga Meld. St. 30 (2019- 20209, En innovativ offentlig sektor – Kultur, ledelse og kompetanse. Stortingsmeldinga peikar på innovasjon og digtalisering i kommunesektoren som eit viktig satsingsområde.
God digital infrastruktur med raskt breiband og god mobildekning i heile Sunnfjord kommune er ein viktig føresetnad for både næringsutvikling og attraktive bumiljø. Sunnfjord kommune har fått infrastrukturmidlar frå KMD i samband med kommunereforma, og midlane skal mellom anna gå til utarbeiding av plan/ strategi for breiband og mobil i kommunen.
Digitale sensorar kopla til internett (tinginternett) er eit eksempel på teknologi som vert nytta i satsingar som går under omgrepet smarte byar og lokalsamfunn. Digital agenda for Norge definerer smarte lokalsamfunn som eit lokalsamfunn som brukar teknologi til å gjere byen/ kommunen til ein betre stad å leve, bu og arbeide i.
Bruk av velferdsteknologi kan gi betre livskvalitet og meir effektiv ressursbruk. Bruk av lokaliseringsteknologi (GPS), elektronisk medisineringsstøtte og digitalt tilsyn er døme på velferdsteknologiske løysingar. I 2020 starta prosjektet E-helse Vestland, som skal etablere Vestland som ein kraftregion for bruk av velferdsteknologi i helse- og omsorgstenesta. Prosjektet skal hjelpe kommunane i å realisere det store potensialet i bruk av velferdsteknologi.
Ved innføring av nye digitale løysingar og digitalisering av arbeidsprosessar skal vi utfordre etablerte arbeidsmåtar. KS tilbyr Veikart for tenesteinnovasjon som støtteverkty for kommunar som ønskjer å skape betre tenester for innbyggjarane. Vegkartet går gjennom seks fasar, frå eit behov oppstår til ny praksis er sett i drift.
Tiltak:
- Utarbeide eigen plan for utbygging av breiband og mobil for Sunnfjord kommune
- Bruk av veikart for tenesteinnovasjon i samband med innføring av nye digitale løysingar
- Arbeide vidare med automatisering og robotisering av arbeidsprosessa