Framtidsverkstad om StorehagenLaurdag 14. juni gjennomførte vi ein Bylab på Sotebrua på Alti kjøpesenter der vi ønskte diskusjon og innspel om framtidig utvikling og bruk av Storehagen. Kommunen engasjerte Arki Arkitektar i førebuinga og gjennomføringa av verkstaden.Vi hadde kart, så dei som møtte opp kunne teikne og kommentere sine innspel. Det var òg mogleg å sende skriftelege innspel til ei digital postkasse før, under og etter verkstaden.Vi fekk mange gode innspel, og vil bli laga ein medverknadsrapport som samlar opp innspela frå alle medverknadsmetodane vi brukar knytt til sentrumsplanen for Førde.Oppsummering av hovudtema på innspel vi fekk inn om transformasjon av Storehagen:1. Grøntareal og parkutvikling Mange ønskjer meir grønt i sentrum: parker, tre, blomster, og soner for leik og rekreasjon. Det blir etterlyst:Leikeplassar for barnUrbane grøne lungerPlassar for piknik og opphaldNaturvennleg utforming 2. Fotgjengarvennleg og bilfritt sentrum Det er eit sterkt ønske om å redusere biltrafikk og parkering i overflata:Gågate eller miljøgate gjennom StorehagenParkeringshus under bakkenTilrettelegging for syklistar og mjuke trafikkantarMeir skjerming mot støy og trafikk 3. Bevaring og gjenbruk av gamle bygg Fleire peikar på verdien av å ta vare på historiske bygg som Firda Billag og verkstadbygga:Inspirasjon frå Kødbyen i KøbenhavnBruk til kaféar, mathall, kultur og næringIdentitetsskapande og arkitektonisk verdi Sist endra 17.02.2026 10.23