Frukttre, bærbusker og anna vegetasjon
Arkadia Landskap
Kilder til valg av frukttre, bærbusker og anna vegetasjon er Astrup sine brev og planteksta hans frå 1912 - 1913
Det er mange prosjekt under arbeid i hagen. Fleire ulike prosjekt har vore utført i løpet av 2021:
Steingard langs fylkesvegen
Steingard langs fylkesvegen
Arkadia landskap
Staurgjerde rundt hagen
Då familien Astrup budde på Sandalsstrand gjekk det gjerde rundt hagen og innmarka. Gjerdet som vert sett opp er med utgangspunkt i netting- og staurgjerde som stod på eigedomen i Astrup si tid. Einestaurane vert tilvirka på gamlemåten av anleggsgartnar Jan Erik Sandal Anleggsgartnere AS.
Dugnad våren 2021
Arkadea landskap
Arkadea landskap
Restaurering av innmaksslåtten
NOU-prosjekt i samarbeid med Høgskulen i Vestland og professor emerita Ingvild Austad.
Arkia landskap
Arkadia landskap
Den store dugnadsviljen og lokal interesse har vore til stor hjelp i arbeidet med rekonstruksjon og restautering av hagen. I løpet av sommaren stilte ein lokal lesesirkel opp og rydda i beda i tillegg til gartnarar frå Jan Erik Sandal Anleggsgartner AS. Takka vere den gode insatsen frå mange, er hagen no prega av godt stell og optimisme.
Arbeid med historiske bær og fruktsortar
I hagen til Engel og Nikolai Astrup vart det planta mellom 200 og 300 frukttre i følge Astrup si eiga planteliste. Astrup eksprimenterte, hybridiserte og tøyde grenser for hardførhet. LARK samla podekvistar frå Astruptunet, Jølster og Njøs Frukt og Bærsenter, som blei oppformert hos Åberge planteskule. Arbeidet med historiske bær og fruktsortar held fram.
V. Aalhus
V. Alhus
Her kan du lese meir om alle tiltak som er gjort i hagen i Astruptunet (PDF, 14 MB)