Byggeprosjekt nye Sande skule

Sande barne- og ungdomsskule har omlag 280 elevar. Skulen var bygd i 1967 og har blitt bygd på i fleire steg fram til 2013. Ved siste utbygging vart det bygd ny fleirbrukshall og rehabilitering av skuledelen i fløy D med mindre tilbygg for supplerande læringsareal. Byggestart er planlagt frå februar 2026 og skulen er planlagt ferdig til desember 2026.

  • Kommunestyret har vedteke ei oppgradering av Sande skule med nybygg og rehabilitering av eksisterande bygg. Det vart i kommunestyret 6. november 2025 vedteke ei kostnadsramme på 200 millionar kroner.

    Kostnadane er fordelt på byggekostnader 167 millionar kroner og andre kostnader som uteområde og midlertidig drift av skulen 32 millionar kroner.

    Endringar for å ta ned kostnadane, for å halde ramma:

    • Reduksjon av nybygg gjennom større andel av ombygging og bevaring. Arealet er redusert med 283 kvadratmeter.
    • Endring av oppvarming frå bergvarme til reversibel luft/vann varmepumpe.
    • Fjerning av solceller men tilrettelegging for eventuelt seinare installasjon på nybygg.

 

Artikkelliste

Kontakt

Marika Peterson
Prosjektleiar
E-post
Telefon 57 72 20 00