Sukkerert

Ertefamilien består av fleire artar. Erter blir nytta som mat og dyrefôr. Erter vert ôg dyrka for å forbetre jordsmonnet, men er og ei prydplante. 

Norsk namn: Sukkerert 
Latinsk namn: Pisum sativum 

Opphav

Erter er ein gamal kulturvekst. Historiske funn syner at erter har vore dyrke i minst 10 000 år. Dei har sitt opphav i Vest-Asia.

Oppal

Sukkererter kan gjerne leggjast i vatn før såing. Sukkererter såast ofte i april/mai, kan såast inne i potter og plantast ut eller direkte ute når det ikkje er fare for frost. Så med 4-8 cm avstand.

Krav til vokseplass

Sukkererter er noko av det enklaste å dyrke. Plantene veks fort, og får erter under dei aller fleste forhold. Erteplantene stiller ikkje store krav til jorda.  Erteplanter kan til og med gjere jorda betre. Dei tek opp nitrogengass frå lufta, og gjør det om til næring i røtene.

Sukkerertene treng noko å klatre i. I tillegg treng dei rikeleg med vatn.

Bruksområde

Sukkerertene må haustast kontinuerleg for at planten skal fortsette å danne nye blomster. Desse gir igjen fleire erter, slik at jo meir du haustar, jo meir får du.
Innhausting skjer når ertebelgen framleis er flat – før ertene inni har begynt å svelle. De kan etes ferske direkte frå planta, eller forvellast og fryses til seinare bruk. Sukkererter egner seg også godt i salater og wok.
Sukkeret i ertene omdannast til stivelse dersom dei blir liggjande etter hausting. Ferske sukkererter kan derfor ikkje samanliknast på smak med dei du får kjøpt i butikken.