Rabarbra

Planten rabarbra har sitt opphav frå nordlege og sentrale delar av Asia (Sør-Sibir og Kina). Planten kom til Europa på 1600-talet, men ingen veit heilt sikkert kven som tok den hit. Etter den kom til Europa har den spreidd seg rundt om i heile verda. 

Norsk namn: Rabarbra 
Latinsk namn: Rheum rhabarbarum
  
Planten kom til Noreg på 1700-talet og sidan dette har vi funne måtar for å fortsette å ha den her. Rabarbra blir planta i alt frå veksthus til friland. Sjølv om rabarbra eigentleg er ei grønsak, blir den omsnakka og brukt som om det er ei frukt.  


Planteoppal

Rabarbra er ein vekst som treng plass. Dei store blada til planten er dei som tek plass, fordi desse kan skygge for andre plantar dersom dei står for tett.   

Krav til vokseplass

Rabarbra er ein hardfør grønsak. Det er ein staude, det vil si at den kjem igjen år etter år. Den er lettstelt, og klarer seg godt med tilgang på næring og vatn. 

Bruksområde

Rabarbraen er litt slik som purreløk. Det kan ligge igjen mykje mold i botnen av stengelen, så det er viktig å vaske rabarbraen godt før du bruker den. Det er stenglene vi bruker, og vi kan hauste stenglene etter kvart som nye kjem opp.

Du kan bruke rabarbra som er snacks. Du kuttar av topp og botn, deler den opp i bitar og et med litt sukker på – garantert barnas favoritt! Rabarbraen er veldig syrleg i smak, så sukkeret jamnar ut smaken og gir det ein god balanse.  

Du kan også bruke rabarbra til fruktgraut, suppe og kompott. Den kan brukast til saft, sylte og heimelaga vin, samt fyll i både kaker og paier. Du kan også fryse ned rabarbraen slik at du har den lenger etter haustingstida.  

Ein kan vere klar over at rabarbrabladene innheld mykje oksalsyre. Bladene reknast som giftige siden oksalsyre hindre kroppens opptak av kalsium og jern.