Gulrot

Gulrot tilhøyrer skjermplantefamilien. Det er ein toårig vekst og vi et rota det første året.

Norsk namn: Gulrot
Latinsk namn: Daucus carota 

Opphav

Gulrota har opphav i Sentral Asia og Midt-Austen. Den har vore dyrka i minst 2000 år. Arabarane tok med seg gulrota til Spania for ca 1000 år sidan. Derifrå har den spreidd seg over heile Europa. Dei første gulrøtene var fiolette og ofte greinete, men hadde den same smaken vi kjenner til i dag. Gulrota trivst både i kalde og varme områder. Gulrot er den grønsakene vi et mest av i Norge i dag.

Planteoppal

Såtidspunkt for gulrot er når telen i jorda er gått. Ved 4-6 °C spirer gulrota seint. Jo varmare jorda er, jo raskare vil ho spire. Krav til vokseplass for gulrot er 20-40 cm mellom radene for å gje gulrøtene skikkeleg plass å vokse på. Så ikkje for tett for å unngå mykje tynning.

Krav til vokseplass

Gulrøter trivst best i ei moldrik sandjord med god pH. For å få god avling på gulrøtene må dei ha godt med lys, luftig og tørt. Jorda bør vere steinfri for å få ei rett og fin gulrot. 

Bruksområde

Gulrot kan brukast til mange ting; kokt til middag, som mellommåltid, snacks, suppe, smoothie, kaker og mykje meir.  
Gulrot finnes i mange fargar, men oransje er mest vanleg. Oransjfargen kjem frå betakaroten, som blir vitamin A i kroppen vår (viktig for hud og syn).