Bladbete

 Bladbete, sølvbete eller mangold er namn brukt på denne veksten. Bladbeten er i familie med raudbete. Bladbete har sorter med kjøtfulle bladstilker, dei blir kalt stilkbladbete. Sorter der berre bladene brukast blir kalt snittbladbete.

Norsk namn: Bladbete
Latinsk namn: Beta vulgaris 

Opphav

Planten er mykje brukt i middelhavslanda. Det er ei gamal kulturplante som er kjent i oldtiden i middelahavslanda, som under namnet «romersk spinat». 

Oppal

Bladbete kan såast inne eller direkte ute så snart jorda er varma opp (april -juni), 10-20 C°. 
Planteavstand 25 – 40 cm. Bladbeten kan klippes ned om hausten og med god tildekking vil den kunne overvintre vinteren. Den vil kome i vekst tidlegare enn bladbete som blir sådd.

Krav til vokseplass

Mangold som dyrkas utendørs trivst med sol. Den veks seg høg og kraftig. Det er ein lettdrevet plante som veks over alt. I tørre perioder bør man med fordel vatne.

Bruksområde

Bladbete er ei grønsak som er svært rik på vitaminer og mineraler, spesielt magnesium. Sorter med smale stilkar blir hausta tidleg og blir brukt som spinat. Sorter med brede stilker blir hausta seinare og kan bli brukt som spinat men stilkene kan smørdampast eller brukast i pai. Kan bli brukt rå i salater eller i supper, gryter og sauser.