Kulturhistoria

Gamlemeieriet i Teigen kring 1925. Bygget vart overtatt av Eggsentralen etter at meieridrifta tok slutt, men vart seinare rive pga utvidingar av E39. - Klikk for stort bileteGamlemeieriet i Teigen kring 1925. Bygget vart overtatt av Eggsentralen etter at meieridrifta tok slutt, men vart seinare rive pga utvidingar av E39. Olai Fauske, Fylkesarkivet i Vestland Meieridrift var første forma for landbrukssamvirke her i landet. Meierihistoria i Førde tok til i 1892 då det første meieriet starta opp på Indrebø i Angedalen. Seinare kom fleire til, og i 1910 var det i alt 10 meieri i Førde. På grunn av geografiske avstandar, få og dårlege vegar og manglande kommunikasjonar hadde ikkje kvart av dei så mange leverandørar. 

Førde Meieri vart grunnlagt

I 1923 gjekk 3 av dei små grendemeieria i Førde, Masdalen og Sundsdalen saman og grunnla Førde Meieri. Nytt stort meieribygg vart bygd i Teigen. Det sto der vegen opp til Flatene tek av i dag, og vart innvia i 1924. Etter krigen vart også dei andre grendemeieria på Haukedalen, Holsen, Vie og Angedalen ein del av Førde Meieri. 

Medan dei gamle grendemeieria berre produserte smør, vart det no også sett i gang osteproduksjon. Edamerosten til Førde Meieri fekk endåtil gullmedalje på landsutstillinga i Oslo i 1932. 

Etter 30 år i Teigen vart også dette meieriet for lite. Eit nytt meieri vart bygd ved sida av posthuset i Storehagen i 1954. Ser ein bort frå det gamle Posthuset og nokre enkelthus langs elva, var dette første utbygginga på vestsida av Langebruvegen. Alt areal her hadde fram til no vore jordbruksareal. 

Det nye meieriet i Storehagen i 1958. Mjølkebaren var enno ikkje komen men held til i første etasje mot Langebruvegen. - Klikk for stort bileteDet nye meieriet i Storehagen i 1958. Mjølkebaren var enno ikkje komen men held til i første etasje mot Langebruvegen. Dagfinn Reiakvam






 

 

 

 

 


 

 



Sosial møteplass

I tillegg til å vere første forma for landbrukssamvirke, har meieria opp gjennom tida også vore viktige sosiale møteplassar. Her møttest bøndene kvar dag for å høyre nytt, diskutere og utveksle erfaringar. Denne tradisjonen vart vidareført på Førde Meieri når styret i meieriet i mars 1961 samrøystes avgjorde at dei skulle opne ein mjølkebar på meieriet. Grunngjevinga var at det på denne tida auka på med turistar i Førde og det var trong for ein stad der ein kunne servere god og tradisjonsrik kost. Firda Billag hadde og planar om å etablere seg på nordsida av elva og meieriet låg lagleg til for dei reisande.

Mjølkebaren opna i juni same året. Første tida var det ope berre på kvardagar, men ut på hausten vart det servering også på søndagar. Menyen var tradisjonsrik, med rømmegraut, rømmeask, mylse, lefse, mjølk, kaffi, ostesmørbrød og, ikkje minst, softis og riskrem.

I over førti år var Mjølkebaren ein institusjon i Førde, ein plass der bønder, næringsdrivande i Førde, andre fastbuande og turistar kunne samlast – nokon av og til, andre dagstøtt. Mange problem vart løyste og mang ein avtale gjort rundt det enkle møblementet på Mjølkebaren.
 

Siste skåla med riskrem

Men utviklinga mot stadig større produksjonseiningar gjekk vidare, og i 2002 vart meieriet nedlagt og produksjonen flytta til det nye meieriet på Byrkjelo. Mjølkebaren heldt ut eit år til, men i 2003 selde dei siste skåla med riskrem. Etter å ha stått tomt i 5 år vart heile meieriet rive i 2008, og meierihistoria i Førde var over.