Nærmiljøhagen – bakgrunn
Sunnfjord kommune har søkt om tilskot, og fått tildelt midlar til berekraftig samfunnsutvikling med fokus på helseskilnadar, til å mobilisere til klimaomstilling og nullutslepp. Dette for å skape tilgjengelege, inkluderande og trygge stadar der folk trivst, kjenner tilhøyrsle og stimulerer til aktive liv. Midlane er gitt av Vestland fylkeskommune.
Sunnfjord kommune ønsker å legge til rette for auka trivsel og attraktivitet i ein fortetta Førde by. Vi har parkar og byrom som har potensiale til å få auka innhald og liv. Dersom vi klarer å auke engasjement for å skape noko i fellesskap, vil prosjektet kunne bidra til eit meiningsfylt liv for fleire i samfunnet. Prosjektet skal skape attraktive hagerom for dyrking, nettverksbygging, samskaping og matkultur. Tilbodet skal vere tilgjengeleg, ha universell utforming, og vere inkluderande og nært.
Grøderike Sunnfjord skal vere klimasmart, bidra til sosial utjamning, vere miljøvenleg og berekraftig, samt utvikle Førde by med auka trivsel. Det er viktig for ein stor landbrukskommune som Sunnfjord å bidra til å føre vidare kunnskap om dyrking, også for dei jordlause i by. Med bakgrunn i kommunen sin plan om kultur, frivilligheit og inkludering er det også eit ønske om å redusere sosial ulikskap. Alle kan delta. Fokus på biologisk mangfald og betre tilhøve for pollinerande insekt; natur inn i det urbane.
Første del av prosjektet er nærmiljøhagen på Prestebøen 8