Prosjekt Grøderike Sunnfjord

Våren 2024 starta vi eit nytt folkehelseprosjekt med urbant landbruk, der vi satsar på dyrking av nyttevekstar og blomster. Saknar du ein hage eller har lyst å treffe andre med interesse for dyrking? Vi lagar ein hage for alle med fokus på dyrking, matkultur og samskaping for å auke trivsel i Førde by. Ta kontakt om du vil vere med eller møt oss i nærmiljøhagen, Prestebøen 8 i Førde.

Pallekarmar til å plante i - Klikk for stort bilete
Pallekarm med spirande planter - Klikk for stort bilete

Tema i nærmiljøhagen i 2025 er beredskapshage 

Kva du som innbyggar bør kunne for å dyrke eigen mat. Det kan gjerast enkelt. Vi samarbeider mellom anna med Førde vgs avdeling Mo. Dei har kompetanse og gjev tips til dyrking og kva vi kan dyrke i ein beredskapshage.

Vi skriv mars og tidleg vår, pallekarmane gjer vi klare med gamle blad, kvister og anna organisk hageavfall til jordforbetring. 
 Kurs i beredskapshage

 

Aktivitetar i nærmiljøhagen

Sjå aktivitetskalenderen for aktivitetar i nærmiljøhagen


 

Sjå aktivitetskalender

Ull i plantekassane. Foto: Sunnfjord kommune - Klikk for stort bilete

Les meir om nærmiljøhagen

Artikkelliste

Kontakt

Catrine Vagstad
Rådgjevar folkehelse og plan
E-post
Telefon 57 61 25 99

Saman skapar vi gode kvardagsliv