KlimabarometerSunnfjord kommune sitt klimabarometer er eit uttrykk for om vi er på rett veg mot lågutsleppsamfunnet. Utsleppa går nedover, i hovudsak grunna overgang til elbilar, men forbruket er altfor høgt.Direkte utslepp skjer innanfor kommunegrensa. Dei forbruksbaserte utsleppa skjer i stor grad gjennom produksjon og transport i andre land. For å unngå meir enn 1,5 grader global oppvarming, må kvar innbyggar redusere klimafotavtrykket sitt frå 13 til 3 tonn CO2e innan 2030.Kjelder: Miljødirektoratet, Ducky. Transport Trafikken aukar, men det blir fleire elektriske køyretøy, i hovudsak personbilar. Sunnfjord kommune er på god veg til elektrifisering av den kommunale bilparken, i hovudsak person- og varebilar.Passasjertalet på Bybussen i Førde er aukande etter koronapandemien. Tala for 2024 er høgre enn diagrammet viser, då tal frå desember ikkje er tilgjengeleg. På strekninga Førde-Florø er det om lag like mange passasjerar som på Bybussen i 2023.Trafikkteljarane i Førde målar tal sykkelpasseringar. Tal syklande per døgn er relativt stabilt per år.Passasjertalet ved Førde lufthamn er på veg oppover igjen etter koronapandemien. Kjelde: Ferde, Skyss, Statens vegvesen, AvinorIllustrasjonar: Gregory IdehenBustadDet bur stadig færre personar i kvar bustad i Sunnfjord. Einebustader dominerer med 60 % av bygningsmassen. Kjelder: SSBArealbrukSkog er den store faktoren i høve til å binde karbon i vår kommune. Utviklinga viser diverre at nedbygging av både skog, jordbruksareal og myr fører til redusert binding og auka utslepp. Kjelde: MiljødirektoratetJordbrukRundt halvparten av dei direkte utsleppa i Sunnfjord kommune kjem frå jordbruket, som heng saman med stor husdyrproduksjon. Klimagassutsleppa frå jordbruket har i liten grad endra seg sidan dei første tala frå 2009.Kjelde: Miljødirektoratet.EnergiforbrukBustader og fritidsbustader utgjer rundt halve forbruket av straum i Sunnfjord kommune. Forbruket svingar med årlege variasjonar i prisar og klimatiske forhold. Kva kan vi gjere?Samarbeide om nye løysingarRedusere forbruketSpare straumTa bussen, gå eller sykle når du kanEte klimavenleg – matvett.noFinn klimafotavtrykket ditt i klimakalkulatoren KjelderMiljødirektoratet, Folkets Fotavtrykk, Sunnfjord kommune. Illustrasjon: Gregory Idehen Sist endra 06.02.2026 10.22