3. plass i landet på berekraftPwC har ein årleg rapport der dei rangerer kommunane etter kor berekraftige dei er. Rapporten for 2024 er nett kome, og den viser at Sunnfjord kommune kom på tredje plass av 357 kommunar i landet. Det er vi både stolt og glad for.I rapporten kan vi lese at berekraft er delt inn i tre dimensjonar.: klima og miljøsosiale forhold økonomi og styring På sosiale forhold er vi best i landet; på førsteplass. Det er kjekt og samsvarar med andre undersøkingar, ikkje minst på trivselen til barn og unge i kommunen.Om Norge skal nå berekraftsmåla må jo endringane skje i kommunane. Det er trass alt der folk bur. Når vi som kommune lukkast med dette arbeidet bidreg vi til at landet også gjer det betre.Vi har framleis eit potensial når det gjeld økonomi og styring. Det er vi klar over. Difor er det så viktig at vi lukkast med omstillingsprogrammet vårt. At vi har ein pengebruk som speglar samansettinga av innbyggarane våre. Det er grunnen til at vi må flytte ressursar frå oppvekst til omsorg. Målet er at det skal vi få til utan at det skal gå ut over kvaliteten i tenestene vi gir.No gleder vi oss over denne gode rangeringa i rapporten til PwC. Som kommunedirektør gratulerer eg organisasjonen og takkar alle tilsette som kvar dag går på jobb for gjere Sunnfjord til ein betre kommune å bu i.Heile rapporten om berekraft kan du lese her Sist endra 15.11.2024 14.46