Eigedomsskatt i Sunnfjord kommune

Frå 2021 var det lik eigedomsskatt i heile Sunnfjord kommune. Synfaring og taksering av eigedomar i kommunen er gjennomført, og sakkyndig skattetakstnemnd har gjort vedtak om nye skattetakstar. 

Skattesats

Skattesats for 2024

Kommunestyret har vedteke å skrive ut eigedomsskatt for 2024

  • Den allmenne skattesatsen er 6,8 promille
  • Differensiert skattesats for eigedomar med sjølvstendige bustaddelar er 2,7 promille
  • 2,7 promille er også satsen for fritidsbustader
  • Det blir skrive ut skatt på særskilde skatteobjekt (verk og bruk) redusert med 6/7-del i 2024. Skattesats: Førde 6 promille, Gaular og Jølster 7 promille, Naustdal 4,5 promille.

Eigedomskatten blir betalt i fire terminar. Betalingsfristane er:

  • 15. mars
  • 15. mai
  • 15. august
  • 15. november

Avtalar med samla årsbeløp/gebyr mindre enn 1600 kroner, blir fakturert i 1.termin for heile skatte- og avgiftsåret. Dersom skatten for ein eigedom er mindre enn 300 kroner, blir det ikkje skrive ut skatt.

Eigedomsskattelister og skattesetlar 

  • Opplysningar om skatt og takst (skattesetel) vert sendt ut i veke 8 og 9. Skattesetelen blir sendt til den som er registrert som eigarrepresentant for skatteeigedomen.
  • Eigedomsskattelistene blir publisert på kommunen si heimeside seinast 1. mars 2024.
  • Papirutgåver av eigedomsskattelistene er tilgjengelege for gjennomsyn i tre veker. Du finn dei på tenestetorga på Skei,  Naustdal og Førde og biblioteket på Sande frå 1. mars 2024. 

Følgjande eigedomar vil bli vurdert fritekne for eigedomsskatt etter søknad

Særskilde skatteobjekt

Det blir skrive ut skatt på særskilde skatteobjekt.  Dette tilsvarar det som tidlegare var taksert som verk og bruk.  Denne satsen er redusert frå 2019 satsen med 6/7-del i 2024. Sjå overgangsregel til esktl. §§ 3 og 4, fyrste ledd fyrste punkt. 

Skattesats for særskilte skatteobjekt i 2024:

  • Førde 6 promille
  • Gaular  og Jølster 7 promille
  • Naustdal 4,5 promille

Klage på eigedomsskatten

Du kan klage på den utskrivne eigedomsskatten etter eskl. § 19. Klagen skal vere skriftleg. Som eit minimumskrav må du gjere greie for kva det blir klaga på og kva du ønskjar å få endra. Du kan klage kvart år i samband med den årlege utskrivinga av eigedomsskatten, dersom det ikkje er klaga på same grunnlaget tidlegare år. 

Klagefrist

  • 12. april 2024

Sende klage på elektronisk skjema, til e-post eller pr post.

Lovverk

Retingsliner for eigedomsskattetaksering i Sunnfjord kommune pr. 12. januar.2021 (PDF, 842 kB)

Sonekart