Eigedomsskatt 2022

Generelle prinsipp for fritak etter eigedomsskattelova § 7

Vedtak i Kommunestyret 18.11.2021

  1. Eigedomar tilhøyrande stiftingar og institusjonar vil bli vurdert fritekne for eigedomsskatt etter eigedomsskattelova § 7a i samsvar med dei prinsippa som går fram av saksutgreiinga datert 27.10.2021.
  2.  Eigedomar med historisk verdi vil bli vurdert heilt eller delvis fritekne for eigedomsskatt etter eigedomsskattelova § 7b i samsvar med dei prinsippa som går fram av saksutgreiinga datert 27.10.2021.
  3. Fritak blir vurdert ut frå skriftleg og grunngjeven søknad. Søknadsfrist: 1. september. Eit eventuelt fritak vil gjelde frå 1. januar året etter.

Les meir prinsipp for fritak etter eigedomsskattelova §7

Prinsippa er i samsvar med «veileder» frå KS og brev frå Finansdepartementet av 12. juni 2003.
Alle fritaka etter eigedomsskattelova § 7a og b skal kvalitetssikrast opp mot prinsippa for fritak i løpet av 2022.

Sjå politisk handsaming