Eigedomsskatt i Sunnfjord kommuneFrå 2021 var det lik eigedomsskatt i heile Sunnfjord kommune. Synfaring og taksering av eigedomar i kommunen er gjennomført, og sakkyndig skattetakstnemnd har gjort vedtak om nye skattetakstar. SkattesatsVedtak eigedomsskatt 2025Kommunestyret har vedteke å skrive ut eigedomsskatt for 2025Den allmenne skattesatsen er 6,8 promilleDifferensiert skattesats for eigedomar med sjølvstendige bustaddelar er 2,7 promille2,7 promille er også satsen for fritidsbustaderEigedomskatten blir betalt i fire terminar. Betalingsfristane er:15. mars15. mai15. august15. novemberAvtalar med samla årsbeløp/gebyr mindre enn 1600 kroner, blir fakturert i 1.termin for heile skatte- og avgiftsåret. Dersom skatten for ein eigedom er mindre enn 300 kroner, blir det ikkje skrive ut skatt.Eigedomsskattelister og skattesetlar Opplysningar om skatt og takst (skattesetel) vert sendt ut i veke 8 og 9. Skattesetelen blir sendt til den som er registrert som eigarrepresentant for skatteeigedomen.Eigedomsskattelistene blir publisert på kommunen si heimeside seinast 1. mars 2025.Papirutgåver av eigedomsskattelistene er tilgjengelege for gjennomsyn i tre veker. Du finn dei på tenestetorga på Skei, Naustdal og Førde og biblioteket på Sande frå 1. mars 2025. Følgjande eigedomar vil bli vurdert fritekne for eigedomsskatt etter søknadEigedomar til stiftingar eller institusjonar som tek sikte på å gagne ein kommune, eit fylke eller staten(esktl. § 7 a)Bygningar som har historisk verdi (esktl. § 7 b)Les meir om generelle prinsipp for fritak etter eigedomsskattelova § 7Klage på eigedomsskattenDu kan klage på den utskrivne eigedomsskatten etter eskl. § 19. Klagen skal vere skriftleg. Som eit minimumskrav må du gjere greie for kva det blir klaga på og kva du ønskjar å få endra. Du kan klage kvart år i samband med den årlege utskrivinga av eigedomsskatten, dersom det ikkje er klaga på same grunnlaget tidlegare år. Klagefrist12. april 2025Sende klage på elektronisk skjema, til e-post eller pr post.Skjema for klage på eigedomsskattenSend e-postSunnfjord kommune Eigedomsskattekontoret, Postboks 338, 6802 Førde.LovverkLov om eigedomsskatt til kommunane (eigedomsskattelova)Eigedomsskattelova §12a fritidsbustaderRetingsliner for eigedomsskattetaksering i Sunnfjord kommune pr. 12. januar.2021 (PDF, 842 kB)SonekartSonekart for eigedomskatt (PDF, 6 MB)Sonekart for fritid (PDF, 683 kB) Sone F1 har faktor 1,0 (mindre hytteområde i Jølster) og F2 har faktor 0,8. (resten av kommunen)Førde Sentrum A3 25000 utan arealdekke (PDF, 2 MB) Sist endra 29.01.2025 14.59