Feiing og tilsynTidlegere kom vi på tilsyn minst kvart fjerde år. Ny «Forskrift om brannforebygging» frå 1. januar 2016 seier at kommunen skal feie og føre tilsyn med fyringsanlegg ved behov. Varsel om feiing eller tilsyn Varsel om feiing eller tilsyn vert i stor grad sendt ut som tekstmelding via Varsling 24 nokre dagar før. Dersom ikkje tidspunktet høver, kan du avtale nytt tidspunkt med feiaren. Lurer du på om ditt telefonnummer er knytt til denne tenesta, så kan du sjekke dette, og eventuelt endre oppføringa via varslemeg.no. Sikker tilkomst Det er bygningseigaren sitt ansvar å sørge for sikker tilkomst til og på tak. Er feiaren avhengig av laus stige for å kome til taket, skal eigaren sørge for at det er eigna stige på lett tilgjengeleg stad. Før feiaren kjem skal du: Legge fram stige (for dei med takfeiing). Sikre at stigen ikkje kan skli. Sjekke at takstige og andre innretningar er i forsvarleg stand og i samsvar med regelverket. Parafin-/oljebrennar skal vere sløkt og avstengd (for dei som har det). Stenge luker, ventilar og spjeld. Hugse å seie i frå til leigebuar. Passe på at ikkje noko anna kan vere til hinder for feiinga. Dersom det ikkje er klargjort for feiing (folk til stades, framlagt stige eller på anna måte gjeve klar melding om at det kan feiast) vil det ikkje bli feia. Du kan ikkje rekne med ny feiing før neste runde dersom det ikkje blir gjort ny avtale medan feiaren er i området. Ta difor kontakt med feiaren så snart som mogleg. Tilsyn Eigar eller representant for eigar skal vere til stades og sørge for at samtlege bueningar, eldstader og skorsteinar er tilgjengeleg. Om nødvendig må eigar eller eigar sin representant varsle andre brukarar (leigetakarar). Tilsynet vil omfatte kontroll av: Eventuelt tidlegare avvik eller merknader er følgt opp og utbetra. Ny eldstad eller vesentlege endringar ved fyringsanlegget er meldt inn til kommunen. Anlegget er tilfredstillande kontrollert, ettersett og vedlikehalde. At røykvarslarar, håndslukkeutstyr og rømmingsveg følger regelverket. Har huseigar informasjon til feiarvesenet som har betyding for tilsynet ber vi om at dette blir lagt fram til oss når vi kjem. Dette kan til dømes vere monteringsanvisning til omn eller liknande. Spør om ID-kort dersom du er usikker om det er feiaren som kjem på døra. Kva kostar det? Betalingssatsar feiing og tilsyn Betalingssatsar feiing og tilsyn Feiing Pris 2022 (eksl.mva kroner) Pris 2022 (inkl.mva kroner) Feiing årleg 687 859 Feiing 2. - 3. kvart år 317 396 Feiing 4. - 5. kvart år 190 238 Feiing 6. kvart år (fritidsbudstad) 190 238 Branntilsyn 4. - 5. kvart år 317 396 Branntilsyn 6. kv år ++ (fritidsbustad) 317 396 Sjå prisane for feiing og tilsyn i prisbok for Sunnfjord Feiing gjeld heilårsbustader og fritidsbustader Tenesta gjeld heilårsbustader og fritidsbustader, etter forskrift om brannforebygging. Har du spørsmål, ta kontakt med: Sentralbord feiarvesenet, kl. 08.00 - 14.00, tlf. 57 72 20 03 Fagkoordinator, feiar Rune Ytredal, tlf. 959 89 611 Feiar Førde - Reinhold Hoffmann, tlf. 959 89 619 Feiar Jølster - Arve Dvergsdal, tlf. 992 02 666 Feiar Naustdal - Jim Ivar Kalland, tlf. 908 22 966 Feiar Gaular - Tommy Aasen, tlf. 930 38 295 Lover og forskrifter Brann- og eksplosjonsvernlova Forskrift om brannforebygging Forskrift om feie- og tilsynsgebyr, Sunnfjord kommune Sist endra 25.05.2022 10.47