Varsel om feiing eller tilsyn
Varsel om feiing eller tilsyn vert i stor grad sendt ut som tekstmelding nokre dagar før. Dersom ikkje tidspunktet høver, kan du avtale nytt tidspunkt med feiaren.
Lurer du på om ditt telefonnummer er knytt til denne tenesta?
Sjekk telefonnummer og ev. endre oppføringa på varslemeg.no
Sikker tilkomst
Det er bygningseigaren sitt ansvar å sørge for sikker tilkomst til og på tak. Er feiaren avhengig av laus stige for å kome til taket, skal eigaren sørge for at det er eigna stige på lett tilgjengeleg stad.
Før feiaren kjem skal du:
- Legge fram stige (for dei med takfeiing).
- Sikre at stigen ikkje kan skli.
- Sjekke at takstige og andre innretningar er i forsvarleg stand og i samsvar med regelverket.
- Parafin-/oljebrennar skal vere sløkt og avstengd (for dei som har det).
- Stenge luker, ventilar og spjeld.
- Hugse å seie i frå til leigebuar.
- Passe på at ikkje noko anna kan vere til hinder for feiinga.
- Toppmontert skorstein (stålskorstein som går rett ned på toppen av omnen)? Ta ut topplata i omnen slik at sota hamna i brennkammeret.
Ynskjer du at brannførebyggaren (feiaren) skal ta ut sota lyt du ta kontakt så hen veit du er heime og kan kome seg inn i huset.
Dersom det ikkje er klargjort for feiing (folk til stades, framlagt stige eller på anna måte gjeve klar melding om at det kan feiast) vil det ikkje bli feia. Du kan ikkje rekne med ny feiing før neste runde dersom det ikkje blir gjort ny avtale medan feiaren er i området. Ta difor kontakt med feiaren så snart som mogleg.
Huseigar er ansvarleg med hensyn til branntryggleiken å melde i frå til brannvesenet/brannførebyggaren om endring av fyringsmønster.
Tilsynsbasert feiing
Tilsynsbasert feiing – òg kalla behovsprøvd eller risikobasert feiing – betyr at brannførebyggjaren under tilsyn vurderer om det er behov for å feie skorsteinen. Vurderinga vert gjort ut frå ei fagleg vurdering av fyringsanlegget, bruken av det og den samla brannrisikoen i bustaden.
Ordninga skal sikre at feiing vert gjennomført når det trengst, og bidra til trygg og forsvarleg fyring for alle innbyggjarar.
Kvifor tilsynsbasert feiing?
• Mindre unødig slitasje: Ved tradisjonell feiing vert det ofte feia utan at det eigentleg er behov. Det kan føre til unødig slitasje på skorsteinen.
• Betre arbeidsmiljø: Under feiing vert brannførebyggjaren (feiaren) utsett for sot og partiklar som kan vere helseskadelege. Ved å feie berre der det er naudsynt, reduserer vi denne eksponeringa.
• Effektiv bruk av ressursar: Ordninga gjer at brannførebyggjarane (feiarane) kan bruke tida si meir målretta og dermed lettare unngå etterslep i tenesta.
Tilsynsbasert feiing handlar med andre ord om tryggleik, kvalitet og effektivitet – både for innbyggjarane og for brannførebyggjarane.
Tilsyn
Eigar eller representant for eigar skal vere til stades og sørge for at samtlege bueningar, eldstader og skorsteinar er tilgjengeleg. Om nødvendig må eigar eller eigar sin representant varsle andre brukarar (leigetakarar).
Tilsynet vil omfatte kontroll av:
- Eventuelt tidlegare avvik eller merknader er følgt opp og utbetra.
- Ny eldstad eller vesentlege endringar ved fyringsanlegget er meldt inn til kommunen.
- Anlegget er tilfredstillande kontrollert, ettersett og vedlikehalde.
Har huseigar informasjon til feiarvesenet som har betyding for tilsynet ber vi om at dette blir lagt fram til oss når vi kjem. Dette kan til dømes vere monteringsanvisning til omn eller liknande.
Spør om ID-kort dersom du er usikker om det er feiaren som kjem på døra.
Kva kostar det?
Betalingssatsar for feiing og tilsyn – sjå prisboka
Feiing gjeld heilårsbustader og fritidsbustader
Tenesta gjeld heilårsbustader og fritidsbustader, etter forskrift om brannforebygging.
Har du spørsmål, ta kontakt med:
- Feiar Naustdal - Jim Ivar Kalland, telefon90 82 29 66
- Feiar Førde, Jølster og Gaular - Jan Svoen, telefon 41 56 44 55
- Feiar Førde, Jølster og Gaular- Svein Inge Halbrend, telefon41 56 17 33
- Feiar Førde, Jølster og Gaular - Ine Andersson, telefon 93 42 52 69
Lover og forskrifter