Oppmåling av eigedomDet er heimelshavar (eigar av eigedomen) som kan søke om oppmåling. Kva får du?Du får målt opp og merka eigedomsgrensa di, og du får sett ned offentlege grensemerke der det er mogleg.Du får eit matrikkelbrev (målebrev) som viser den fastsette eigedomsgrensa.Krav til søkarSøknaden må vere signert av eigar (heimeshavar). Ved ei grensejustering må alle involverte partar vere einige om kor grensa skal gå.Kva kostar det?Oversikt over alle prisar finner du i prislista til Sunnfjord kommuneSlik søker duSend inn bestilling som inneheld:Skjema finn du på Kartverket sine nettsiderSituasjonskart der du har merka grensa som skal målast opp. Kartgrunnlag finn du på kommunekartSend søknaden elektronisk via eDialogeller per post til: Sunnfjord kommune, postboks 338, 6802 FørdeKva skjer vidare?Vi tar kontakt med deg og avtaler tidspunkt for møte og oppmåling. Maksimal saksbehandlingstid er tre måneder.Har du spørsmål om oppmåling, ta kontakt medJan-Inge SeljevollKnut Ove Indrebø Sist endra 16.01.2025 14.50