Det er gebyr for behandling av ein søknad om deling/endring av eigedom, samt gjennomføring av oppmålingsforretning der ny eigedom/endring av eigedomsgrenser vert oppretta. Gebyr vil varierer alt etter kva type sak det er, sjå prisliste som gjeld for Sunnfjord kommune.
Vi skissere under følgande kostnadar der det skal delast frå ei bustadtomt på 1.000 m2, og der saka krev løyve etter pbl § 26-1, jf. Pbl § 20-4 d, jordlova og dispensasjon frå arealplan (kursiv - ikkje naudsynt i alle saker).
Søknad om deling, pbl. § 20-1 bokstav m. pkt 8.4 i prislista kr. 16 800,-
Søknad om dispensasjon frå arealplan, pbl § 19-2, pkt. 8.4 i prislista kr. 16 800,- *
Delingsløyve etter jordlova, pkt. 8.8 i prislista kr. 2 000,- *
Oppmåling, pkt. 8.5 i prislista: kr. 26 472,-
Samla for kommunen si sakshandsaming: kr. 62 072,-
(* ikkje naudsynt i alle saker)