Eit tilbygg er eit bygg som bli oppført opp til eksisterande bygg, og som er understøtta og har eit eige beresystem. Avhengig av storleiken kan det vere du ikkje treng å søke, du kan søke og bygge sjølv, eller du må ha fagfolk til å gjere alt for deg.
Unnateke søknadsplikt
Du treng ikkje å søke om å sette opp tilbygg så lenge det
- Ikkje kjem i konflikt med arealplan, planføremål, plankart eller andre føresegner som byggegrenser, avstandskrav og utnyttingsgrad på eigedomen
- Tilbygget har eit bruksareal (BRA) eller bebygd areal (BYA) som ikkje er over 15 m2
- Knytt seg til maksimalt to etasjar eller plan på den eksisterande bygningen
- Avstand til nabogrense må vere minst 4 meter (dersom ikkje anna grense i plan)
- Det samla arealet på den frittliggande bygningen kan ikkje overstige 50 m2 (garasjar og liknande utan søknadsplikt).
Eksempel: rom for varig opphald (som kjøkken, stue, soverom eller våtrom), understøtta veranda, opent overbygd inngangsparti, andre enkle takoverbygg med understøtting, søppelskur, ved- eller sykkelbod
Tillat bruk på tilbygg unnateke søknadsplikt:
Dersom det ikkje står noko særskild om det i arealplan, kan tilbygg til bustad vere kjøkken, stue, soverom eller våtrom.
Eit tilbygg etter unntaket kan ikkje føre til at det godkjente føremålet med bygningen blir endra. Inneheld bygningen berre tilleggsdel frå før, kan den berre bli utvida med tilleggsdel. Ein garasje kan bli utvida med bod, men ikkje med eit soverom til dømes. Tilbygget kan heller ikkje innehalde ein eigen sjølvstendig bueining, eller på anna måte føre til at det blir oppretta ei ny bueining utan søknad.
Søknadspliktige tilbygg
Søknadspliktig tilbygg som du kan søke om sjølv
Dersom tilbygget ikkje er i samsvar med vilkåra for unntaket må du søke om løyve. Du kan søke om tilbygget sjølv dersom samla bruksareal (BRA) eller bebygd areal (BYA) ikkje er over 50 m2. Tilbygget kan i tillegg vere underbygga med kjellar.
Søknadspliktig tilbygg som fagfolk må søke om
Dersom tilbygget er over 50 m2 må du ha hjelp av fagfolk til å søke, og bygge tilbygget. Det er eit tiltak med krav om ansvarsrett. Ein ansvarleg søkar som til dømes arkitekt, ingeniør, byggmester eller liknande må då hjelpe deg med søknaden.
Dersom du vil bygge ein garasje, tilbygg eller andre mindre tiltak i LNF område må du som regel søke om dispensasjon. Årsaka er at i LNF område er det berre tillate med tiltak som er meint for gardsbasert næringsverksemd. Om du då har ein bustadeigedom som ligg i LNF, er ikkje garasjen eller tilbygget meint som eit landbrukstiltak.
Om eigedomen er brukt og meint for heilårsbustad, kan du søke om dispensasjon samstundes med byggesøknaden. Det vil vere kurrant å få dispensasjon for bygging av mindre tilbygg og garasje på slike eigedomar. Det er ein føresetnad at det ikkje kjem i konflikt med dyrka mark eller andre landbruksinteresser.
Vi vil då handsame dispensasjonen samstundes med byggesøknaden, og du vil bli fakturert for medgått tid. Handsaming av dispensasjonen vil med det bli langt rimelegare enn i andre saker.