Solcelle og solenergisystemMå du søke om å installere solceller?Dersom du skal sette opp eit solcellepanel eller solfangeranlegg kan det hende du må søke om løyve til kommunen. Det er avhengig av om det vert ei søknadspliktig fasadeendring, eller ein byggteknisk installasjon.Du treng ikkje sende byggesøknad dersomFasaden sin karakter ikkje blir vesentleg endraSolenergisystemet ikkje går over fleire brukseiningar (fleire leilegheiter eller hus)Solenergisystemet ikkje kjem i konflikt med føresegner i arealplan (omsynssone kulturminne)Du må sende byggesøknad med hjelp av fagfolk dersomSolenergisystemet blir montert på byggverk som er av kulturminneverdiSolenergisystemet går over fleire brukseiningar (fleire leilegheiter eller hus)Solenergisystemet endrar fasaden vesentleg (f.eks ståande solceller på taket)Er du usikker om eigedomen din er omfatta av kulturminneverdi eller andre spørsmål Send e-post til byggesak Sist endra 15.01.2025 14.47