Piperehabilitering og eldstad

Installering, endring av pipe eller eldstad?

Når du skal gjere arbeid med pipe og eldstad er det to ulike kategoriar: 

  1. Du kan gjere arbeidet utan å søke 
  2. Du må søke, og søknad og arbeid må bli gjort av fagfolk

Ikkje søknadspliktige arbeid 

  • Installering, endring og reparasjon av eldstad i eksisterande bygning innanfor ei branncelle eller bueining 
    • Døme på endring og reparasjon av eldstad er:
      Reinstallering, oppføring av brannmur, innmuring av pipestuss, friluftstilførsel, fundamentering av peis og arbeid som er naudsynt for å installere eldstaden 
  • Reparasjon av pipe, så lenge ikkje pipa vert endra. 
    • Om pipa vert endra, som nytt røykrøyr eller glidestøyp, må du søke om løyve med hjelp av ansvarlege fagpersonar 
  • Frittliggjande utepeis som er plassert minst 4 meter frå nabogrense, og som ikkje er til fare eller urimeleg ulempe for omgjevnaden. 

Søknadspliktig arbeider med hjelp av fagfolk

  • Oppføring av skorstein/pipe 
  • Innmontering av nytt innerrøyr 
  • Riving av pipe/skorstein
  • Gjenoppbygging av skorstein under taket 
  • Anna reparasjon av pipe som ikkje omtala ovanfor 
  • Installering, endring og reparasjon av eldstad som gjeld meir enn ei brukseining eller branncelle i eksisterande bygg 

Søknadspliktige arbeider med pipe og eldstad må bli sendt inn av føretak med ansvar for søknad, prosjektering og utføring.

Søknad om rehabilitering av pipe skal innehalde: 

  1. Søknad om løyve til tiltak 
  2. Erklæring om ansvarsrett 
  3. Gjennomføringsplan 
  4. Dokumentasjon på brannteknisk godkjenning for produktet som skal bli brukt (sertifikat med godkjenningsnummer). Dersom pipe eller produkt ikkje er godkjent av SINTEF, må du stadfeste at det er testa og godkjent i samsvar med europeisk standard

Melding ny montering eller skifte av eldstad