Mikrohus

Nye reglar for bygging av mikrohus

Det er nye og eigne reglar i byggesaksforskrifta og byggteknisk forskrift for mikrohus som skal bli brukt til heilårsbustad. 

Eit mikrohus er ein frittliggande bustadbygning inntil 30 m2 BRA med ei bueining. Mikrohuset kan ha ein etasje utan kjellar, og må ikkje på noko punkt overstige ei høgde på 4,5 m over bakken.

Byggtekniske krav til mikrohus

Dei nye reglane for mikrohus gjer unntak frå fleire krav i byggteknisk forskrift (TEK17) og følgjer i hovudsak reglane for fritidsbustad med ei bueining.

Du finn dei byggtekniske krava til mikrohus i TEK17 § 1-2 andre ledd.

Enklare krav i byggesaksforskrifta

Det er heller ikkje krav om bruk av ansvarlege føretak ved oppføring av mikrohus til bustadføremål. Det er ein føresetnad at mikrohuset blir plassert på ein utbygd eigedom. Det betyr at du sjølv kan søke kommunen om løyve til å sette opp mikrohuset. Du slepp også å bruke ansvarlege føretak for å prosjektere og bygge mikrohuset.

Unntaket frå ansvarsrett gjeld ikkje dersom du skal ha pipe eller skorstein i mikrohuset. Då må du ha ansvarlege føretak for å søke om løyve, prosjektere og oppføre mikrohuset.

Reglane om byggesak går fram av SAK10 § 3-1 bokstav e.

Krava i plan- og bygningslova gjeld framleis

Dei nye reglane gjer ingen endringar i plan- og bygningslova. Kommunale arealplanar kan sette avgrensingar for kvar mikrohuset kan bli plassert eller oppført. Mikrohus må tilfredsstille renovasjonsløysing, tilkomst, parkering, vatn- og avlaup. Reglane om trygg byggegrunn, avstand til nabogrense, utforming og visuelle kvalitetar gjeld for mikrohus.

Prøv rettleiaren for å finne ut kva reglar som gjeld for mikrohus du har lyst å bygge.