Ferdigattest/mellombels bruksløyve

Når bygget er ferdig, må du søke kommunen om ferdigattest. Det er først når søknad om ferdigattest er godkjent eller mellombels bruksløyve er innvilga, at du har lov til å bruke bygningen. Ferdigattesten eller mellombels bruksløyve blir gitt på bakgrunn av innsendt dokumentasjon.

Søke om ferdigattest eller mellombels bruksløyve

Søknadsskjema finn du på Direktoratet for byggkvalitet sine nettsider  

Mellombels bruksløyve

Så lenge det kun står igjen mindre arbeid, og det ikkje er farleg å ta i bruk bygningen, kan du søke om mellombels bruksløyve. Eit mellombels bruksløyve betyr at du kan ta bygningen i bruk, men at dei siste manglane må vere gjennomført innan ein frist som kommunen setter.

Kven skal sende inn ferdigattest?

Dersom det er sendt inn ein søknad via ein ansvarleg søkar er det ansvarleg søkar som skal søke om ferdigattest. Har du sjølv stått ansvarleg for tiltaket skal du sjølv sende inn søknad. 

Saksbehandlingstid

Saksbehandlingsfristen for søknad om ferdigattest eller mellombels bruksløyve er tre veker, men søknadane vert behandla så raskt som mogleg. 

Manglande ferdigattest på eldre tiltak

Kommunen skriv ikkje ferdigattestar for tiltak det er søkt om før 1. januar 1998.

Dersom du har søkt om byggeløyve i perioden 1. januar 1998 til 30. juni 2010, og kommunen har gitt mellombels bruksløyve, skriv vi ut ferdigattest i følgande tilfelle:

a) Det stod ikkje att alvorlege forhold etter at tiltaket fekk mellombels bruksløyve, og føretaket med ansvarsrett for relevant fagområde har vurdert og gitt ein erklæring om at forholda som står att er utført i samsvar med byggeløyve.

b) Det stod att berre forhold av mindre betyding etter at tiltaket fekk mellombels bruksløyve, og eigar eller tiltakshavar har gitt erklæring om at arbeidet er utført i samsvar med byggeløyve.

Viss du søker om ferdigattest etter bokstav b, avgjer kommunen om dei attståande forholda er av ein slik art at bestemmelsen kan nyttast.

Har du spørsmål?

Du kan ringe 57 72 20 00, eller sende ein e-post til byggesak@sunnfjord.kommune.no om du treng hjelp eller har spørsmål. Oppgi gards- og bruksnummer til eigedomen det gjeld. Om du har spørsmål om ei byggesak som er under behandling er det fint om du oppgir saksnummeret òg.