Driftsbygningar i landbruket

Oppføring av byggverk i landbruket

Ein driftsbygning i landbruket er ein bygning som er naudsynt for drifta på ein landbrukseigedom. Det gjeld mellom anna driftsbygningar i jordbruk, husdyrbruk, seterdrift, hagebruk, gartneri, skogsdrift, reindrift og yrkesfiske.

Ved oppføring av ein driftsbygning i landbruket skal vi vurdere om tiltaket er tilpassa arealføremålet, og garden sitt ressursgrunnlag. 

Kommunen legg Garden som ressurs til grunn for vurdering.

Du treng ikkje sende byggesøknad dersom

Oppføring, endring, fjerning, riving av tiltak, dersom tiltaket ikkje er i strid med lovens føresegner med forskrifter, kommuneplanens arealdel og reguleringsplan, løyver og anna regelverk.

  • Frittliggande bygning som er direkte knytta til jordbruks, skogbruks- eller reindriftsområder
    • samla bruksareal (BRA) og bebygd areal (BYA) er under 15 m2
    • oppført i ein etasje utan kjellar
    • kan bli brukt til overnatting
    • føresetnad at det kan bli konstatert tilknytt til landbruksdrifta, og ikkje meint som hyttebygging
    • som til dømes skogskoie og gjetarhytte

Du kan sende byggesøknad på eiga hand dersom

  • Du skal bygge, rive eller vesentleg endre/reparere driftsbygning på inntil 1000 m2 bruksareal (BRA)
  • Du skal bygge tilbygg til driftsbygning, og arealet på eksisterande driftsbygning inkludert tilbygget ikkje vert meir enn 1000 m2 bruksareal (BRA)

Du må sende byggesøknad med hjelp av fagfolk dersom

  • Du skal bygge, rive eller vesentleg endre/reparere driftsbygning på meir enn 1000 m2 bruksareal (BRA)
  • Du skal bygge tilbygg til driftsbygning der samla bruksareal inkludert tilbygget vert meir enn 1000 m2 bruksareal (BRA)