Bruksendring er å bruke bygget eller delar av det til noko anna enn det opphaveleg er godkjent til. Vil du gjere loft eller kjellar om til soverom eller stove vil det vere ei søknadspliktig bruksendring.
Prøv rettleiaren til direktoratet
Vi gjer merksam på at fleire bruksendringar som medfører ombygging til endra bruk av bygget er ei søknadspliktig endring.
Du må søke om løyve dersom bruksendringa fører til omdanning av bustad til anna bruk, eller samanslåing og oppdeling av bustadar til hybel.
Sjå informasjon om bruksendring hos direktoratet for byggkvalitet
- Du skal gjere om tilleggsdel til tilleggsdel
- Du skal gjere om hovuddel til hovuddel
For eksempel gjere om bod til garasje, eller soverom til vaskerom.
Du må søke kommunen om løyve til bruksendring frå tilleggsdel til hovuddel, eller omvendt, om du for eksempel vil gjere ei bod om til eit soverom. Du kan søke sjølv, eller få fagfolk til å søke og bygge for deg. Dersom du søker sjølv er du ansvarleg for at alle byggereglar og krav blir følgt.
- Du endrar rombruken frå tilleggsdel til hovuddel
- Du endrar rombruken frå hovuddel til tilleggsdel
For eksempel bod til soverom.
- Du skal lage ei ny eining/leilegheit eller sekundærleiligheit, til dømes utleigeleiligheit
- Du skal bruke bygget eller delar av det til noko anna enn det er i dag. Til dømes frå næringsbygg til bustad, eller bustad til servering/butikk
- Du skal endre på bereveggar eller berande konstruksjonar
- Du vil ha ei eksisterande utleigedel som ei sjølvstendig bueining
For å handsame søknad treng vi følgjande:
- Planteikningar som klart viser rombruken (ny og gammal bruk)
- Snitteikning som viser eit snitt av rommet (høgde og mål)
- Eit følgjeskriv som skildrar kva du skal bygge
- 5153 Søknad om løyve til tiltak utan ansvarsrett
- Du treng ikkje nabovarsle dersom det gjeld endringar innvendig. Gjeld søknaden endringar på fasade og ytre arbeider som kan påverke naboen må du varsle før du søker.
Søknaden kan du sende på e-post til: postmottak@sunnfjord.kommune.no
Du kan og sende den i brevform til vår postadresse, eller levere den til tenestetorget på rådhuset.
Når du er ferdig med byggearbeidet må du søke om ferdigattest
Du kan og sende digital byggesøknad
Hovuddel Er dei delar av bustaden du bruker til å bu og opphalde deg i som: Opphaldsrom, stue, kjøkken, entré, bad, vaskerom, badstue, hobbyrom, arbeidsrom, heimekontor, isolert vinterhage, og gang og trapper mellom rom som er hovuddel.
Tilleggsdel Er andre delar av bustaden som ikkje er eigna som opphaldsrom, som for eksempel: bod, oppbevaringsrom, teknisk rom, garasje, fyrrom, og gang mellom rom som berre er tilleggsdel.
Har du spørsmål send gjerne ein førespurnad til byggesak@sunnfjord.kommune.no