Søknad om ansvarsrett ved manglande kvalifikasjonskrav

Rettleiing for å søke om ansvarsrett når du ikkje kan erklære ansvarsrett

Søknad om ansvarsrett til kommunen 

(byggesaksforskrifta SAK10 § 11-4 sjette ledd)

Frå og med 2016 skal ansvarlege føretak erklære ansvarsrett i staden for å søke om lokal godkjenning. Føretaket må sjølv sjå til å ha tilstrekkeleg kvalifikasjonar for å kunne erklære ansvarsrett. 

Dersom eit føretak ikkje kan erklære ansvarsrett fordi det ikkje oppfyller kvalifikasjonskrava, kan kommunen gjere unntak frå dei formelle krava etter ein særskild søknad. Føretaket må då søke til kommunen på bakgrunn av relevant utdanning/og eller praksis. 

Det finst ingen standard søknadsblankett for søknad om ansvarsrett. Sunnfjord kommune har då laga ein mal som føretaket kan bruke ved slik søknad. Føretak kan søke om ansvarsrett for søkar, prosjekterande og utførande i tiltaksklasse 1. Det er ikkje mogleg å gjere unntak frå kvalifikasjonskrava for ansvarleg kontrollerande (uavhengig kontroll).

Er noko uklart send gjerne spørsmål til byggesak@sunnfjord.kommune.no

Søknad om ansvarsrett ved manglande kvalifikasjonskrav (PDF, 180 kB)