Varsel om reguleringsendring E39 Storehaugen– FørdeStatens vegvesen varslar reguleringsendring av detaljreguleringsplan for ny E39 på strekninga Storehaugen – Førde i Sunnfjord kommune. Open dag 30. september kl. 16.00-19.00 Stadionhuset på Langeland.Kort om planenDette varselet er sendt ut i samsvar med plan- og bygningsloven § 12-8. Reguleringsplanen vert utarbeida etter §§ 3-7 og 12-3 jf. § 12-14. Formålet med reguleringsendringa er flytting av tunnelpåhugg på Storehaugensia. Det er ingen endring av planen på Bruland. Det vil vere befaring av planområdet. Prosjektet omfattar ca. 7,5 km tunnel og veg i dagen/kryss ved Storehaugen og ved Bruland.Les meir om prosjektetSei di meining innan 13. oktoberStatens vegvesen inviterer innbyggarar og andre aktørar til å seie si meining om planen. Fristen for å sende inn innspel er 13. oktober.Du får ikkje svar på innspelet ditt, men alle innspel blir lagt ved i den vidare saksbehandlinga. Innspel som blir sendt inn blir offentleg tilgjengelege på nettsida, med mindre dei inneheld sensitive data. Brukar du e-post, vil e-postadressa di bli offentleg tilgjengeleg.Slik sender du innspelSend innspel skriftleg til firmapost@vegvesen.noeller til Statens vegvesen, Postboks 1010 Nordre Ål, 2605 Lillehammer. Merk med 26/171513 eller Reguleringsendring E39 Storehaugen – Førde.Har du spørsmål?Ta kontakt med Planleggingsleiar Jan Terje Løitegård jan.loitegard@vegvesen.noUnni W. W. Høivik unni.hoivik@vegvesen.no Publisert 14.09.2026 13.23