Planstrategi 2024-2027Planstrategi 2024–2027 for Sunnfjord kommune vart rullert i kommunestyret 24.04.2025.Vi har det siste året (2024 -2025) jobba med plan for kvalitet og kapasitet i barnehage og skule. Desse planane er no ferdige. I samband med arbeidet “Berekraftig Sunnfjord 2032” og innsparingskrav, er det vedteke at vi framskundar oppstart av plan for kvalitet og kapasitet i helse og omsorg. Denne vert starta no i 2025. Vi er i gong med arbeidet med temaplan for folkehelse og sosial utjamning, natur og klima, samt temaplan for kvalitet og kapasitet i integreringsarbeidet. Områdereguleringsplan for Sande er snart klar til vedtak og vi er godt i gong med sentrumsplan for Førde. I planperioden skal det i tillegg startast opp områdereguleringsplanar for Vassenden og Vikja (Viksdalen). Alt dette skal gjere Sunnfjord kommune til ein endå betre stad å bu og leve i! Planstategi for Sunnfjord kommune 2024 - 2027 Sist endra 02.05.2025 10.26