Kort om planarbeidet
Sunnfjord kommune, areal og byggesak, skal utarbeide planen i samarbeid med nærmiljørådet i Viksdalen.

Planområde: På kartet er det markert eit området, varslingsområde, som dekker arbeidet for planlegging. Når vi kjem fram til eit planframlegg kan det ha ein annan avgrensing, planområde, som ofte vert mindre enn varslingsområdet. Arealet i oppstartvarselet er 261 daa.
Bakgrunn og formål: Målet for planarbeidet er ein OR som skal legge til rette for utvikling av Vikja. Den skal avklare kva som kan verte byggeføremål, etter at verknadene av fareområde flaum og annan naturfare er vurdert. Den skal vere grunnlaget for bygging/restaurering/ombruk av eksisterande bygningar i området. OR skal vere grunnlag for å lage flaumreduserande tiltak, om det vert nødvendig. Planen skal også legge til rette for gåande og syklande mellom Hellebustneset og skulen med gang/sykkel veg, eller utvida vegskulder.
For å sikre område til opphald og bygging er det viktig med avklaring av arealbruken i forhold til flaumfaren. Med ein OR som vert følgt, treng ein ikkje ved kvart byggeprosjekt få avklaringar frå NVE og Statsforvaltar om naturfarar.
Planarbeidet er vurdert til å ikkje verte fanga opp av verkeområdet til forskrifta om konsekvensutgreiingar, og kommunen har slutta seg til vurderinga jf. referat frå oppstartsmøte. Planarbeidet utløyser derfor ikkje krav om konsekvensutgreiing eller planprogram.
Planen vil erstatte heilt eller delvis følgjande planar: Vikja- Viksdalen planID143020050001 og delar av Hellebustneset planID 143019810001.
Aktuelle dokument
Sei di meining innan 1. februar 2026
Dersom du har opplysningar, synspunkt eller merknader som kan ha verknad eller interesse for planarbeidet, bør du sende det inn. Dette kan vere med på å justere planen. Fristen for å sende inn innspel er 1. februar 2026.
Du får ikkje svar på innspelet ditt, men alle innspel blir lagt ved i den vidare saksbehandlinga. Innspel som blir sendt inn blir offentleg tilgjengelege på nettsida, med mindre dei inneheld sensitive data. Brukar du e-post, vil e-postadressa di bli offentleg tilgjengeleg.
Slik sender du innspel eller spørsmål
Du kan sende innspel i elektronisk i skjema:
Send innspel til sak 25/8623
Du kan også sende innspel i post, då må du merke saka med saksnummer: 25/8623
- Sunnfjord kommune, Postboks 338, 6802 Førde
Lovverk