Kunngjering av vedteken kommunedelplan, Riksveg 5 Erdal – Naustdal

Sunnfjord kommunestyre vedtok Kommunedelplan Rv. 5 Erdal - Naustdal, i møte 26. okober 2023.

Kartutsnitt, Riksveg 5 Erdal – Naustdal - Klikk for stort biletePlankart for E1 – N1 2 Statens vegvesen

Vedtak i kommunestyret

Sunnfjord kommunestyre vedtek Kommunedelplan for Rv. 5 Erdal-Naustdal, strekninga etter alternativet E1 - N12, slik Statens Vegvesen la planen fram ved oversending 25.09.2023. Kommunestyret føreset at framtidig bruk av eksisterande veg langs fjorden for gåande, syklande, som tilkomst- og beredskapsveg takast med i reguleringsplanarbeidet.

 

Kort om planen 

Planen gjev ramme for framtidig veg på strekket Erdal – Naustdal. Hovudføremålet med planen er veg som er trygg i høve rasfare. Planen peikar ut korridor for ny veg frå området ved tankanlegga i Erdal til Jarane i Naustdal, og påkopling til dagens veg i eller nærare Naustdalstunnellen.

Kommunestyret vedtok planen 26.10.2023, sak nr. 79/23

Sjå viktige dokument i saka

Lovverk