Søknad om å regulere Selsvatnet har tidlegare vore på høyring 1. mars 2024 - 19. april 2024. NVE har fått ein søknad frå Selselva Kraft AS, datert 17. september 2025, med endra planer. Den endra søknaden blir send på ny høyring med høyringsfrist 1. desember 2025.
Etter NVE si vurdering krevst det ikkje kunngjering og brei offentleg høyring av den endra søknaden om å regulere Selsvatnet. Søknaden blir derfor send på ny høyring til dei som tidlegare har uttalt seg til saka.
Kva blir det søkt om?
Selselva kraftverk i Sunnfjord kommune har vore i drift sidan 2016. Selselva Kraft AS søkjer no om
konsesjon til å regulere Selsvatnet mellom kote 839 moh og 840 moh samt å auke slukeevna i
Selselva kraftverk frå 1,05 m3/s til 1,3 m3/s. Etter høyringa i 2024 har søkjar gjort endringar i
prosjektet. Endringane omfattar i hovudsak at søkjer planlegg regulering utan aktiv tapping for
døgnoptimalisering, lågare høgde på dammen og at ingen nye areal demmast opp og leggjast
under vatn.
Søknaden med endringar er tilgjengeleg på NVE si nettside. Søknaden skal
behandlast etter reglane i kapittel 3 i vassressurslova og gjeld løyve etter vassressurslova § 8.
Informasjon om saksbehandlinga finn du på NVE si nettside
Kva ønsker vi fråsegn om?
NVE ønskjer å få inn synspunkt på endringane som er presenterte i søknaden. Vi ønskjer konkrete
synspunkt på om planane bør gjennomførast, ev. val av alternativ eller forslag til avgrensingar i
planane. Vi ønskjer også grunngjevne forslag til mildnande tiltak som kan redusere eventuelle
ulemper ved gjennomføringa av prosjektet. I tillegg ber vi om eventuelle kommentarar til om
søknaden gir tilstrekkelege opplysningar om verknadene av tiltaket. Vi ønskjer også
tilbakemelding dersom de meiner det er andre interessentar som bør få høve til å uttale seg. Alle
som har meiningar om saka, kan sende inn ei fråsegn.
Slik sender du inn høyringsfråsegn innan 1. desember 2025
Alle som har meiningar om saka, kan sende fråsegn på éin av følgjande måtar:
- elektronisk skjema som de finn på NVE si nettside ( knappen send høyringsuttalelse)
- e-post til nve@nve.no (merk e-posten med «Høyringsfråsegn» og saksnummer
202205918 i emnefeltet, og oppgi namn og organisasjonsnummer i innleiinga om du
representerer ei verksemd) - brev til NVE, Postboks 5091, Majorstuen, 0301 OSLO (merk brevet med
«Høyringsfråsegn» og saksnummer 202205918 i emnefeltet, og oppgi namn og
organisasjonsnummer i innleiinga om du representerer ei verksemd)
Frist for å sende fråsegn er 1. desember 2025
Fråsegn eller delar av fråsegn vil bli refererte i saka. Er høyringsfråsegna lang, oppmodar NVE
høyringspartane til sjølv å skrive ein kortfatta konklusjon eller samandrag. Høyringsfråsegnene er
offentlege dokument, og sentrale saksdokument blir lagde ut på NVE sine nettsider.
Sjå søknad med endringar på NVE si nettside